Kulturminne, interesser og aktørar
Kulturminne skaper tilhøyrsle og identitet. Men slikt er ikkje nøytrale storleikar; mange aktørar med kryssande interesser vil vere aktive i striden om fortolking og forvaltning av kulturminne og kva for meiningsberande og identitetsbyggjande rolle dei skal ha. Somme av desse interessefelta er av lokal karakter, andre har regionalt eller nasjonalt fokus, medan nokre kan vere knytte opp mot globale prosessar.
Av Ida Dyrkorn Heierland
Nyopna Amun-tempel
Ved den meroittiske kongebyen Naqa i Sudan ligg ruinane av eit over 2000 år gamalt Amun-tempel fint til på toppen av eit kunstig høgdedrag rett ved foten av fjellet Jebel Naqa. Tempelet er varsamt restaurert av ei gruppe tyske arkeologar leia av egyptologen Dietrich Wildung. Desember 2006 vart det restaurerte tempelet offisielt nyopna med ei høgtideleg tilstelling på lokaliteten. Kulturministeren, regionale politikarar, dei tyske arkeologane og kollegaene deira frå Sudan var til stades saman med sponsorar frå internasjonalt bankvesen og turistindustri. Lokalbefolkninga var der også, men var plasserte på utsida av partyteltet – eit faktum som speglar maktforhold.
Vil oppleve det «autentiske»
Lokalbefolkninga ved Naqa er nomadar som vatnar dyra sine frå ei kjelde like ved tempelruinane. Professor Wildung hevdar at nomadane no identifiserer dei gamle monumenta som «sine ruinar». Og han vil at ruinane skal få vere ruinar – ikkje fullrestaurerte kopiar av fortida. Han ser for seg ein arkeologisk park med eit lite museum med tilpassa arkitektur fint plassert i terrenget. Han vil ha nomadane og dyra der som før, og representantane for turistnæringa i Europa er med på dette. Dei veit at turistar til Sudan vil vere erfarne og økonomisk velsituerte reisande som er ute etter å oppleve noko annleis og «autentisk». Dei er opptekne av økoturisme, er tilhengjarar av ideologien bak UNESCO si verdsarvliste og ser gjerne at monumenta i Sudan snarast blir sette på lista og verna mot både lokale og nasjonale «vandalar».
Lokalbefolkning på sidelina
Arkeologane vil at monumenta ved Naqa skal vere identitetsbyggjande. Det er derimot ikkje styresmaktene i Sudan opptekne av. I eit intervju med meg sa kulturministeren at dei no ser mest på det økonomiske potensialet i ruinane. I den grad han tenkte på identitet var det meir for å kunne vise at Sudan er ei gamal stormakt med ein rettkomen og respektert plass blant verdas nasjonar. Regjeringa vil gje den europeiske turistindustrien høve til å byggje hotell, flyplassar og annan infrastruktur rundt dei arkeologiske lokalitetane – nett som ved Angkor Wat i Kampuchea der heile forvaltninga og drifta av det store anlegget og infrastrukturen rundt er sett bort til private frå Korea, Frankrike, Vietnam og Thailand medan lokalbefolkninga står heilt på sidelina.
Røter i kolonialismen
Nokre av arkeologane som arbeider i Sudan ser seg tente med utviklinga og tilpassar seg ved å tilby tenester som konsulentar for eit gryande turistrelatert næringsliv frå Europa. Vil dette få konsekvensar for den arkeologiske forskinga? Arkeologiske forskingsparadigme er djupt forankra i det sosiopolitiske miljøet til arkeologane, og det er interessant å merke seg at Sudan-arkeologien i dag er så godt som stum når det gjeld å drøfte koplingar mellom faget og økonomisk/politiske interesser i kulturminneforvaltninga. Dette heng saman med at arkeologi i Sudan i stor grad er ein global, akademisk «industri» som har djupe røter i kolonialismen og i vestleg mellom- og overklasse. Direktøren ved British Museum stadfeste dette indirekte i eit foredrag ved British Council i Khartoum i november 2006 der han slo fast at institusjonen hans no tek mål av seg til å vere eit leiande senter for framvising av verdas kulturarv. Foredraget vekte både åtgaum og motmæle, det siste særleg frå unge tilhøyrarar frå sør.
Vestnorsk kvernsteinshistorie
I Hyllestad kommune i Sogn har det vore kvernsteinsproduksjon med industrielt preg heilt attende til 1000-talet, noko som framleis set merke på landskapet i bygda. Lokalpolitikarane og andre lokale aktørar bruker kvernsteinshistoria aktivt for å skape Hyllestad-identitet og kontakt utover kommune- og landegrensene gjennom utvikling av turisme, handverksproduksjon og formidling i skuleverket. Arkeologar og geologar som arbeider med kvernsteinshistoria tek del i internasjonal forskningsdebatt og integrerer slik dei lokale kulturminna i ein global samanheng. Lokalpolitikarar reiser på internasjonale konferansar og byggjer på sin måte nettverk som knyter Hyllestad direkte til den store verda. I november i fjor var den lokale steinhoggaren foredragshaldar på ein internasjonal forskarkonferanse i Aswan i Egypt. I motsetnad til politikarar og næringsliv, kjem ikkje arkeologane her med tilråding om korvidt lokalbefolkninga i Hyllestad bør bruke minna om kvernsteinsindustrien til kollektiv identitetsbygging.
Ulike kontekstar og kunnskapssystem
Ved Naqa, derimot, framhevar arkeologane aktivt dei gamle monumenta som identitetsbyggjande kulturminne. Lokalbefolkninga sjølve synest heilt utan stemme. Blir ruinane ved Naqa opplevde av nomadane som deira kulturminne? Dette veit vi førebels ingen ting om. Og kva kan nomadane få ut av ruinane og den spirande turismen reint økonomisk? Skal dei gje opp livsforma si og bli “grindegutar” for turistane? Vil den fremste interessa deira framleis vere retten til å bruke vasskjelda ved tempelruinane, eller vil vi få sjå ei ny form for lokal organisering som omfemnar både nomadelivet, vidareutvikling av tradisjonelt handverk og organisering av handverkskooperativ? Kva nomadane ved Naqa tenkjer om dette, trur eg vi berre kan finne ut av ved å undersøke det konkret og ved å involvere lokale og for oss framande kunnskapssystem.
Kulturminne blir konstruerte sosialt for føremål i notida og er knytte opp mot globale prosessar og interessefelt der aktørar kjempar om innverknad og rett til å fortolke, forvalte, tene pengar på eller slå politisk mynt på den nære og fjerne fortida. Dette har nomadane ved Naqa og folk i Hyllestad felles. Rett nok snakker vi om ulike kontektstar og kunnskapssystem, men i begge høve har vi å gjere med leivningar frå fortida med konsekvensar for folks kvardagsliv i notida.
Om forfattaren:
Ida Dyrkorn Heierland er arkeolog og arbeider no som formidlingsleiar ved Kystmuseet i Sogn og Fjordane (www.kyst.museum.no). Ho har tidlegare mellom anna studert arkeologiens politiske rolle i Sudan, vore medarbeidar på Hellerprosjektet ved UiB og laga tre dokumentarfilmar om arkeologi.

