Eit slag for kvardagsminna
Kulturminneåret 2009 skal ta vare på kvardagsminna til meg og deg. Ein digital dugnad skal sørgja for at kulturminna frå dagleglivet vert dokumentert, delt og diskutert.
Av frilansjournalist Helen Frøyseth
Kulturminneåret 2009 er no inne i sin sjette månad og spreier alt om seg med gode og spenstige kulturminnetiltak. Prosjektleiar Sidsel Hindal for Kulturminneåret 2009
har sidan oppstarten i januar reist rundt i Noreg for å delta på ulike arrangement i samband med kulturminneåret, og er godt nøgd med det ho ser.
- Oppslutnaden rundt Kulturminneåret 2009 har så langt vore svært god. Eg har hatt stor glede av å møta dei mange menneska som er opptekne av kulturminnevern . Dei ynskjer å bli sett, og det bidreg dette året til, seier Hindal.
Tema for Kulturminneåret 2009 er kulturminne frå dagleglivet. Det kan vera den gamle Amerikakofferten på loftet, eller lukta av bestemors villroser, men også korleis den heilage gravhaugen fargar kvardagslivet ditt, ved at du passerer han kvar dag til og frå dine gjeremål. Dagleglivet er eit heilt nytt felt å henta minne frå, samstundes som dei tradisjonelle høgverdige kulturminna er med på å auka trivselen i vårt kvardagslege daglegliv.
Kvifor har du eigentleg teke vare på Amerikakofferten på loftet? Mange av kvardagsminna du ber med deg gjennom livet er minne som betyr noko for deg, og som difor seier noko om det livet du lever, og den type kultur akkurat du er ein del av. Difor jobbar vi mykje med dokumentasjon av kulturminne i Kulturminneåret 2009. Vidare ynskjer vi å visa korleis slike minne har vandra frå tid til tid, frå bygd til bygd, og frå land til land. Vi ynskjer å reflektera over dei prosessane som ligg bak det vi føler er vår kulturarv.
Digitalt dugnad. Eit hovudmål med Kultuminneåret 2009 er å styrkja samarbeidet mellom alle som på eit eller anna vis jobbar med kultur. Det er difor lagt stor vekt på eit større samarbeid mellom stat, kommune og frivillig sektor.
- Med Kulturminneåret 2009 ynskjer vi å driva nettverksbygging. Vi vil få til nye samarbeidsformer og alliansar. På www.kulturminneaaret2009 får vi dette til, seier Hindal.
Frå Kulturminneåret 2009 sine nettsider kjem du til nettstadene dagligliv.no, Digitalt fortalt og Kulturminneløypa.
- Dei tre nettsatsingane er eit verktøy for alle som ynskjer å dela kunnskap og forteljingar om kulturminne. Den digitale satsinga i Kulturminneåret 2009 opnar også døra for nye og fleire stemmer innan kulturminnevern, seier nasjonal koordinator for Kulturminneløypa, Dagny Stuedahl.
For å styrkja samarbeidet oppmodar Kulturminneåret 2009 alle til å delta i dei tre nettprosjekta.
- Dei tre nettsatsingane er alle viktige bidrag i det store
arbeidet med å ta i bruk dei digitale moglegheitene, også innan kulturminnevern, seier Hindal.
Kva er eit kulturminne? Kulturminneåret 2009 skal appelera til eit breitt publikum. Eit av måla er å rekruttera yngre i arbeidet med kulturvern, og då må ein tenkja nytt.
- Ved å lansera ”Mosselukta” som eit kulturminne, viser vi breidde, og når ut til andre målgrupper, meiner Hindal.
”Mosselukta” som kulturminne inviterer til refleksjon rundt kva som er minneverdig.
Lanseringa fekk også fart i debatten om kva eit kulturminne er. I løpet av Kulturminneåret 2009 skal definisjonen på eit kulturminne bli debattert, og kanskje endra.
-. Med Kulturminneåret 2009 ynskjer vi at folk skal reflektera over kva som verdt å ta vare på, seier prosjektleiar for Kulturminneåret 2009, Sidsel Hindal.
Kulturminneåret 2009 skal skapa engasjement, undring og opplevingar, og eit auka medvit om kva kulturminne er.
Lov om kulturminner §2
Med kulturminner menes alle spor etter menneskelig virksomhet i vårt fysiske miljø, herunder lokaliteter det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til. Med kulturmiljøer menes områder hvor kulturminner inngår som del av en større helhet eller sammenheng. Etter denne lov er det kulturhistorisk eller arkitektonisk verdifulle kulturminner og kulturmiljøer som kan vernes.
Når folk flest høyrer ordet kulturminne, går tankane som regel til gamle bygningar og stader.
- Vi utvidar omgrepet, og har med dette kanskje lagt grunnlaget for ei viss forvirring ute blant folk. Eit kulturminne er både eit fysisk objekt, som til dømes ei gamal kyrkje, men også noko immaterielt. Det kan vera ei segn, ein handverkstradisjon eller eit stadnamn, forklarar Hindal.
Ofte er det i samspelet mellom det materielle og det immaterielle at det skjer noko spanande.
- Ein bygning får verkeleg ein verdi som kulturminne når ein får veta kva slags tyding og bruk bygget hadde for menneska som levde der. For meg er det sjølvsagt at begge delar er ein del av kulturminneomgrepet, men det er ingen enkel definisjon på dette, noko som er ei utfordring for oss, sier Hindal.
Spenstige prosjekt. Kulturminneåret 2009 handlar i stor grad om å ta vare på minna frå kvardagen. Kulturminne frå kvardagen er ein raud tråd gjennom heile året, og opnar for å ta vare på dei nære tinga vi har rundt oss i dagleglivet.
Interessa og gleda over å ta vare på kvardagsminna har vist seg å vera stor. Då Kulturminneåret lyste ut prosjektmidlar, kom det inn over 800 søknader. Det er no delt ut 3.4 millionar kroner, fordelt på 357 prosjekt i alle fylke.
- Det er på grunnplanet at svært mykje skjer i Kulturminneåret 2009. Søkjarane er alt frå enkeltpersonar og små lag, til større organisasjonar og kommunar. Vi har gitt støtte til både tradisjonelle prosjekt og større regionale arrangement. I mange av prosjekta er det lagt opp til eit samarbeid mellom ulike lag, fortel Hindal.
Det er fleire spenstige og nyskapande prosjekt som har fått pengestøtte.
- Ta til dømes ”Aksjon geriljabroderi”, der to enkeltpersonar ynskjer å revitalisera broderitradisjonen. Dei brukar Facebook, og har engasjert heile Noreg til å produsera nye broderi. Dette skal resultera i ei utstilling og ein katalog på haustparten, fortel Hindal.
Eit anna friskt prosjekt er utstillinga ”Hushjelp søkes. Bill. Mrk”, på Hordamuseet i Bergen. Utstillinga tek føre seg hushjelpa sine arbeids- og levekår i perioden 1850-1950, både i byen og på landsbygda. I Møre og Romsdal er det i gang eit prosjekt om mjølkerampen si historie, og i Tromsø skal innbyggjarane læra seg å ro.
- Eg er glad for at det er så mange som har teke utgangspunkt i den konkrete tilnærminga til dagleglivet, kommenterer Hindal.
Bilete frå dagleglivet. På nettstaden dagligliv.no skal publikum kåra dei hundre kjæraste minna frå vårt daglegliv. Her sender publikum inn bilete av gjenstandar, tablå, augneblink, interiør og eksteriør frå der dei bur. Grunngjevinga for val av motiv skal vera at motivet representerer noko som har eller har hatt stor tyding for deg. I tillegg til å senda inn eigne bilete, kan du stemma på dei bileta som vekkjer minne og gjev assosiasjonar. Det kan vera alt frå ei gamal konfekteske med glansbilete, til lukta av bestemors villroser.
- dagligliv.no fungerer som ein pause frå kvardagen. Her kan ein kan gå inn og kike litt på korleis folk har det, og korleis dei relaterer til fortida i sine heimar. Nokre kommenterer andre sine bilete ved å leggja inn liknande bilete sjølv, og understrekar med dette verdien av til dømes garasjen, fortel prosjektleiar for dagligliv.no, Ulla Heli.
Nettstaden har ein avtale med NRK Sveip, som anna kvar veke presenterer dei bileta som har fått flest stemmer. Innsendar av bileta får ein matboks i gåve frå Kulturminneåret. Mot slutten av året stoppar innsendinga og stemmegivinga. Dei kvardagsminna som har fått flest stemmer, skal stillast ut.
- Nokre av dei ”beste ” motiva, og med det meiner eg dei som både er fine og som har fått mange stemmer, vert plukka ut til ei fysisk utstilling som skal gå på vandring. Etter at Kulturminneåret 2009 er avslutta, ynskjer Norges Kulturvernforbund å vidareføra dagligliv.no som eit verdfullt arkiv, fortel Heli.
Set kulturminne i samanheng. Kulturminneløypa.no er ei nasjonal og digital satsing i Kulturminneåret 2009, der folk kan kombinera forteljing og kart når dei skal dela sine kunnskapar om kulturminne. Dette er ei formidling som koplar opplevingar på nett med opplevingar ute i terrenget.
Målet med Kulturminneløypa er å få folk til å vandra mellom kulturminne, og vera aktive og laga løyper og samanhengar mellom kulturminne som dei veit noko om.
- Kulturhistorie vert her lagt inn på digitale kart som er tilgjengeleg for alle. Vi vil stimulera til at privatpersonar, lag og organisasjonar tek i bruk dei nye digitale reiskapane, og deler kunnskapen med andre, seier nasjonal koordinator for Kulturminneløypa, Dagny Stuedahl.
Nettstaden Kulturminneløypa.no opnar og for deltaking sjølv om du ikkje er fysisk til stades.
- Du kan altså sitja heime framfor pc-en og oppleva ei kulturminneløype milevis frå heimstaden din, understrekar Stuedahl.
Inntil nylig har det berre vore mogeleg å laga løyper innanfor fylkesgrensene, men no er det mogeleg å laga nasjonale løyper.
- Dette opnar opp for andre typar samanhengar enn det dei lokale løypene kanskje har gjort. I tillegg til å laga løyper som viser nasjonale samanhengar, som til dømes ei industriminneløype som viser industriell utvikling i Noreg på 1900-talet, er det også blitt mogeleg å leggja inn kommentarar, slik at folk kan ha ein dialog rundt løypene på nettet, seier Stuedahl.
I dag har Kulturminneløypa fått inn løyper frå dei fleste fylke. Du kan delta på kystløyper, fyrløyper, løyper som viser byutvikling knytta til samferdsle, innsjøløyper med kanotur, og løyper med plantar som kulturminne, for å nemna nokre.
- Spekteret er breitt, både på type løyper og kven som leverer inn. Til no er det mange frivillige organisasjonar som leverer løyper. Det fine er at det er mange historie- og museumslag som samarbeider med friluftslivsorganisasjonar, og det er jo akkurat denne typen samarbeid vi ynskjer oss. Det er også fleire døme på samarbeid mellom fylke og kommune. Ein annan ting vi ser, er at folk er veldig kreative i bruken av løypa. Lag og organisasjonar brukar løypa til å informera om komande aktivitetar, og til å laga opplegg for dei lokale skulane om dei lokale kulturminna. Kulturminneløypa.no. skal vidareførast og byggjast ytterlegare opp, også etter at Kulturminneåret 2009 er avslutta. Løypa er komen for å bli, seier Stuedahl.
Digitale forteljingar. Digitalt fortalt er ABM- utvikling (Statens senter for arkiv, bibliotek og museer) sitt hovudprosjekt i Kulturminneåret. Digitalt fortalt – kulturminner på nett, er ei ny teneste som skal stimulera til produksjon av forteljingar knytta til immaterielle og materielle kulturminne.
- Alle kan senda inn til denne ressursbanken. Til no ligg det ute rundt 450 historier. Målet med denne satsinga er mellom anna å leggja inn dei digitale minna i Kulturminneløypa, sier Stuedahl.
Som ein del av kompetansehevinga i kulturinstitusjonane arrangerer AMB også kurs i å laga digitale forteljingar.
- Bruk av digitale medium for å skapa engasjement i kulturminne- og kulturarvfeltet er eit av måla i Kulturminneåret 2009. Vi meiner at digitale medium gjev rom for fleire stemmer, og opnar for at fleire kan snakka om sine kulturminne. Denne typen formidling opnar døra for dialog og refleksjonar rundt dei kulturminna vi har rundt oss til dagleg. Dette er eit løft for feltet, meiner Stuedahl.
.
Mosselukt og fjernsynsvertar. Ukens kulturminne er det prosjektet under Kulturminneåret 2009 som så langt har fått størst merksemd. Grunnen til dette er mellom anna lanseringa av Mosselukta og fjernsynsvertane på NRK som to kulturminne.
- Vi ville utfordra kulturminneomgrepet og gjera folk meir medvitne på at det ikkje berre er gamle stavkyrkjer som kan vera eit kulturminne. Også ting vi helst ikkje vil hugsa kan vera kulturminne. Å seia at Mosselukta er eit kulturminne er ikkje det same som at lukta er verna eller freda. Vi ynskjer å utvida spekteret av ulike kulturminne. Mosselukta fortel noko om ein industri som har vore svært viktig for byen, sier prosjektansvarleg for ”Ukens Kulturminne”, Liv Bjørnhaug Johansen.
Andre populære kulturminne er strikkelusa, og sjokoladen Lohengrin. ”Ukens kulturminne” har også fått sin eigen lokale vri i to kommunar, og sekretariatet får stadig inn nye tips til kva som kan vera neste ”Ukens kulturminne”.
Bestemor si kakeoppskrift. Prosjektet Kulturminner på reise har invitert til eit samarbeid mellom museum og 8. klassingar i heile Noreg. Målet med prosjektet var å læra elevane om dokumentasjon av kulturminne. I alt 17 skuleklassar har delteke i prosjektet.
- Elevane fekk i oppdrag å gå heim og dokumentere kulturminne i familien. Resultatet har blitt ei stor samling bilete og tekstar, der alt frå bestemor si kakeoppskrift til gamle rokkar og kister har blitt dokumentert. Elevane har blitt veldig nysgjerrig på historia til gjenstandane dei har dokumentert. Ei frøken detektiv-bok får ei heilt anna tyding når bestemor fortel at det under krigen var sjeldan å i det heile tatt få ei bok. Ting som i dag er trivielt blir verdfullt når det har ei historie, fortel Bjørnhaug Johansen.
Det heile skal enda i ei nettutstilling som vert å sjå på nettsidene til Kulturminneåret frå 8. juni.
Fabrikken med våre øyne. Med prosjektet ”Fordums kraft – nytt liv. Industriminner i møte med vår tid”, arbeider ti kunstnarar ved de ti nasjonale teknisk- industrielle museumsanleggene i Noreg.
- Dei ti anlegga har vore ein naturleg og sentral del av norsk historie og samfunnsliv, og verksemdene har bidrege til oppbygginga av lokalsamfunna, fortel Hindal, som er prosjektansvarleg for Fordums kraft.
Ved å engasjera kunstnarar til å henta inspirasjon frå anlegga, ynskjer Kulturminneåret 2009 å utfordra publikum til å sjå anlegga i eit litt anna lys.
- Målet et å visa fram noko på kvar stad, og gjerne få til eit permanent spor etter kunstnaren på fabrikken, seier Hindal.
Ved Norsk Trikotasjemuseum utanfor Bergen har tekstilkunstnar Maria Rodrigues samla inn gamle underbukser og andre kleder som har blitt produsert på Salhus Tricotagefabrikk. Responsen har vore formidabel.
- Det er rørande å sjå på kor mykje kleder ho har fått inn, seier Hindal.
Rodrigues har laga ulike collage av undertøyet. Kunstverka er no å sjå i dei gamle produksjonshallane ved fabrikken.
Ein annan del av prosjektet Fordums kraft er ei fotoustilling som opnar på Rådhusplassen i Oslo den 1. juli.
- Fotograf Bård Løken har teke bilete av dei ti museumsanlegga, medan arkitekt Julia Yran skal utforma sjølve utstillinga. Materialet er stål og tre, der ein treplatting skal verta meir og meir utsliten etterkvart som han er i bruk. Dette vert ei slags iscenesetting av industrien. Fotograf Bård Løken har kome tett på både produksjon og produkt ved dei ulike anlegga han har fotografert.Vi håpar at utstillinga vil skapa ei så stor interesse og undring at folk får lyst å oppsøkja stadene, fortel Hindal.

