Villmark nær byen - Vandring i Våkendalen
-
Villmark nær byen - Vandring i Våkendalen
- Våkendalen / Isdalen er eit område innanfor Bergen by sine grenser, nær sentrum, men likevel eit ukjent område for mange.
- 60.3963988062 5.35113573074
-
- Byhistorie
- Kulturhistorie
- Bondekultur
I området var det fast busetnad til om lag 1920. Det som er att no, er berre ruinar. Bergens Skog- og Træplantningsselskap har rydda fleire av dei gamle stiane / vegane i Våkendalen, og merka ei kulturminneløype i delar av området.
Kulturnett Hordaland har vandra rundt i området og undra seg over at her kunne bu så mange folk - i 1915 budde her framleis 73 personar.
Naturen har òg forandra seg dramatisk. Det vil gamle og nye bilete vise.
Kulturminner
Kulturminneløype
På austsida av dalen har Bergens Skog- og Træplantningsselskap rydda ei kulturløype.
Geilen
Bergens Skog- og Træplantningsselskap har også bygt oppatt steingardane i den gamle Geilen frå gamletunet på Tarlebø til Tarlebøtræet.
Vi nærmar oss endepunktet (eller startpunktet) for kulturminneløypa
Vi passerer Hardbakkaplasset (Mikkjelsplassen) på vegen nedover.
Kobbeltveit - på vestsida av dalen
Når vi går ned dalen frå demninga, har vi Kobbeltveit på høgre sida.
Garmannslund
- ein gard som i dag er heilt borte fordi Svartediket er demt opp for å tene som drikkevatn for Bergen.

