Søk etter løype:





 

Vikåsen tursti (Vik – Jurafethaugen – Toft)

Red Marker Vikåsen tursti (Vik – Jurafethaugen – Toft)
Vikåsen tursti tilbyr tre steinalderlokaliteter, tur gjennom utmark og myrer med restar etter skjeneflorar. Her finn ein og ein gamal steingard. Ein kan og gå ut til eit øydelagt bølgjerkraftverk frå nyare tid. Ein kan finna litt informasjon om fuglelivet langs stien og det skjer og aktivitetar i form av ekstremsport i turområdet. Løypa er merka.
60.465215448 4.9568939209
  • Kulturhistorie
Vikåsen tursti tilbyr tre steinalderlokaliteter, tur gjennom utmark og myrer med restar etter skjeneflorar. Her finn ein og ein gamal steingard. Ein kan og gå ut til eit øydelagt bølgjerkraftverk frå nyare tid. Ein kan finna litt informasjon om fuglelivet langs stien og det skjer og aktivitetar i form av ekstremsport i turområdet. Løypa er merka.
Løypeinformasjon
Ca. 1 time 20 min
Til fots
Ca. 4 km
Hordaland
Øygarden

Merka Nordsjøløype finn ein i Karidalen ved riksveg 561. Dette er ved bommen på nordaustsida av Stegevikvatnet på garden Vik. Der hovudvegen går i dag er det funne tre steinalderlokaliteter på rekkje og rad. Lokalitetene spenner over mange tusen år, og dei eldste kan vera 12000 år gamle. Desse ligg høgast oppe, sidan havflata har stått høgare enn i dag. (Funna frå steinalderlokalitetene er å sjå på Kystmuseet.)

Stien går langs ei grasslette som høyrer til innmarka på garden Vik. Sørvest for Søgardsvatnet er det grind i bøgarden, og ein er då inne på stølsområdet ved nordvestida av Stegeviksvatnet. Her ligg enno restar etter skjeneflorar; nokre er restaurerte.

Før utskiftinga i 1915 var utmarksområdet felles for heile garden Vik. Nokre konstruksjonar kan vera att frå stølsdrifta før utskiftinga. Etter utskiftinga flytta brukarane skjeneflorane til dei nye utmarksområda dei fekk tildelt. Fleire av skjeneflorane i området er frå 1920-åra. (Skjeneflorane på sørsida av Stegeviksvatnet vart sette opp på 1800-talet, mens dei yngste er frå 1920-åra.)

Litt lenger framme deler stien seg i to:

Stien til høgre går via utsiktspunktet Vikåsen (Høghaugen, 56,54 moh). Steingarden i nord er grenseline mellom gardane Vik og Toft. (Steingarden går samanhengjande i sør-vest retning.)  Løypa kjem ned mot sjøen i vika inst i Kjyllaren. Herfrå går det merka Nordsjøløype både nordetter mot Toft, og rundløype via Jurafethaugen attende til Vik.

Stien til venstre går via Perdalsmyra. Her går ein igjennom ei grindopning laga i stein. Dette er grenseskilje mellom det gamle stølsområdet for storfe og det gamle utmarksbeitet for sau. Litt lenger framme i eit skogholt, kjem ein til ein restaurert skjeneflor. Dette er like ved Perdalsmyra.

Løypa går vestover gjennom lyngheia, så litt på bilveg. Like etter Balsvågen er løypa oppom Jurafethaugen. Herifrå er det fin utsikt. Løypa går ned til inst i Kjyllaren, der kryssast løypene i retning Vik og Toft. Kjyllaren er ein god makrellvåg, og her er gjort mange notkast gjennom tidene. Berga ved Kjyllaren vart i åra etter 1900 mykje brukt til tørking av fisk. Store skuter frakta fisken frå Lofoten. Folk frå Vik og Toft sto for bearbeiding av fisken.

Frå løypa som går nordetter i retning Toftestallen og Kjyllaren, kan ein gå ut til det skadde bølgjekraftverket. Området er verutsett, så ein bør visa respekt for naturkreftene! Frå brua kan ein så fylgja opparbeidd veg austetter i retning bygda Toft.

Ein kan og ta ein avstikkar til Turøy i Fjell kommune frå Vikåsen tursti.

Langs turstien er det sett opp litt informasjon om fuglelivet i området. Det skjer og eindel aktivitetar her i form av ekstremsport. Løypa eksisterar fysisk – den er merka med GPS og taldata er sendt til fylket – dvs. vi har tekniske data. Det er planar om å utvikla turkart for regionen.

Kulturminne i løypa: Skjeneflorar, steinalderlokalitetar, gamal steingard og ev. bølgjekraftverket frå nyare tid.

Samarbeidspartnarar: Kystmuseet i Øygarden, Nærmiljøutvalet på Toftøy, einskilde personar i krinsen, Klyva (ekstremsport/turguiding, m.m.) og Øygarden kommune.

Side-alternativer