Søk etter løype:





 

Vennadalsvegen, Snillfjord

Red Marker Vennadalsvegen, Snillfjord
Elevane ved Ven oppvekstsenter i Snillfjord har i samarbeid med Ytre Snillfjord historielag laga ”løype” opp gjennom Vennadalsvegen. Der har dei sett opp namneskilt med forklaringar og historier knytta til namna.
63.3399621086 9.28791046143
  • Stedshistorie
  • Kulturhistorie
Elevane ved Ven oppvekstsenter i Snillfjord har i samarbeid med Ytre Snillfjord historielag laga ”løype” opp gjennom Vennadalsvegen. Der har dei sett opp namneskilt med forklaringar og historier knytta til namna.
Løypeinformasjon
1 time
Til fots
2
Ven oppvekstsenter
Sør-Trøndelag
Snillfjord

Vennadalen

Dalen frå Vennagardane ved sjøen til setergrenda som ligg ca to km inne i fjellet. Vennadalen er ein typisk V-dal utforma av erosjon frå elva i botnen. Han er derfor opphavleg svært vanskeleg å gå etter. Å jaga nautkrøter gjekk ikkje, så

Vollingane jaga krøtera sine opp Bratthyllån i Selnesmarka og Venningane for opp lia på vestsida av dalen når dei skulle på setra.

Ei ulykke i 1865 (sjå Vaet) gjorde at det vart set i gang med å forbetre ferdselsåra oppover dalen. Mellom anna vart da Steinbrua bygd.

Neste store vegarbeidsperiode var i 1930-åra. Da vart det gjeve tilskot til arbeidet og dalen vart farbar med hest og slede.

Sist i 1980 vart så vegen opprusta til skikkeleg bilveg og setergrenda vart langt meir tilgjengeleg.

Sommaren 1990 vart mykje øydelagt av flaum.

 

Vi finn ein del namnskilt med forklaringar oppetter dalen.

 

 

 

Kulturminner

Litjvatnet

Litjvatnet er ei lita bukt i nerenden av Setervatnet. Etter at nyvegen kom i slutten av 1980-åra er det lite att av Litjvatnet, da fyllinga til vegen tok det meste. Vegen før gjekk rundt Litjvatnet. Det er fint å gå gammelvegen.

Les mer...

Setervatnet

Vatnet ligg 204 meter over havet. Tradisjonen vil ha det til at sersjanten, Ole Arntsen Vennen (1740 – 1802), var den første som sette ut fisk her. Johan Larsen Ven (Lytjnessa) slo starr i vatnet til for for dyra sine.

Les mer...

Brubakkan

Bakken frå brua og rett opp mot gapahuken. Vi har Mortenrabben til høgre for vegen opp mot det som er dyrka oppafor vegen.

Les mer...

Gammeldammen

Folk frå Volden kalla det for Gammeldammen og Vennafolk kalla same plassen for Høgfossen. Sannsynleg gamal sagbruksdam. (I 1680 er eit sagbruk på Venna omtala). Stien frå Volden forbi Ulvstuo kryssa elva på oversida av dammen. No har det rasa ut slik at denne vegen ikkje er farbar. Venningane kalla fossen nedafor Gammeldammen for Høgfossen. Venna har sin Gammeldam lenger nede i elva like ovafor Kvennadammen. Kvennadammen vart bygd seinare av ”Gammel-Per” (1858 – 1931).

Les mer...

Stolan

Fleire små avsatsar i terrenget

Les mer...

Joholet

Joholet var ei ca 2 meter brei bergkløft mellom vegen og ned til elva. Joholet vart sprengt bort i 1988. Før var det ein smal og farleg plass på vegen. Kven Jo var, som plassen har fått namn etter, veit vi ikkje.

Les mer...

Steinbrua

Første brua vart bygd i 1860-70 åra. Da vart det starta arbeid med å forbetre vegen opp dalen. Erik Iversen Volden, (1828 – 1905) var gråsteinsmurar og leida arbeidet med brua. Ho hadde tre løp for vatnet og vart bytta ut da nyvegen kom i 1980-åra.

Les mer...

Vaet

(Grunn plass i ei elv, bekk eller der ein kan vasse over) Før steinbrua vart bygd, var dette ein av plassane elva vart kryssa når ein gjekk eller rei opp dalen. I 1865 fall Knud Klemetsen Volden, som da var 9 år, av hesteryggen og drukna da han skulle krysse elva her. Han rei åleine ned dalen frå setra. Denne hendinga gjorde at det vart sett i gang arbeid med å setje i stand vegen opp dalen. Blant anna vart steinbrua over elva bygd da. Like overfor steinbrua på motsatt side av elva kan ein enno med god fantasi sjå kvar stien gjekk.

Les mer...

Novven

(Utvendig hjørne på eit hus, gå attom nova / vinden peip rundt novene) Før nyvegen kom, var det smalt og bratt her og høgt ned i elva. Dette var ein av dei verste plassane på vegen opp dalen.

Les mer...

Lønvatnet

Eller Løntjønna. (Lon, hokjønn, (norr lón) utbuktning i elv eller bekk der vatnet renn stille, høl) Nyvegen kryssar noko av den opphavlege tjønna. Vi ser gammelvegen på østsida. Vi har og her namn som Lønøyan, Lønhammaren og Lønola (begge sider av dalen). Vi har Aspastolen oppe i lia mot knubben, og der vart det sett ein bjørn av ”Gammel-Per” Ven, den siste som er sett i dalen.

Les mer...

Komotkleiva

Nokre store steinar mot berget liknar komotar. (Vegen tok dei i 1988). Før nyvegen vart bygd i 1936 gikk storparten av elva ved berget. Og ved litt stor elv måtte ein klive lenger opp for å kome fram, derfor kleiva

Les mer...

Spranget

Fjellet der vegen gjekk var skrånande, og på vinteren kunne det fryse is og bli glatt og farleg. Derfor måtte ein fare fort og ta noen sjansar, særleg vinters dag og med hestreiskap og lass. Det var nokså høgt nedafor.

Les mer...

Øsvakleiva

(Øvste vaet). Her var det og ein plass der ein kunne krysse elva. Stien kryssa elva her og gjekk nedover dalen på vestre sida av elva. Andre alternativet var å gå på denne sida av elva nedover til Vaet og krysse elva der.

Les mer...

Brattbakkan

Lang, tung og bratt bakke. Etter at vegen vart utbetra i 1930-åra, var kanskje dette det verste stykke av vegen. Før det med dagverksbidrag vart bygd ny veg sist i 1930-åra, gjekk vegen i Brattbakkan nærmare elva og var mykje brattare. Nyvegen vart bygd i 1988.

Les mer...

Side-alternativer