Vest-Lista
På Vest-Lista er fl eire gardar organisert i klyngetun på same måten som i middelalderen. Elles i landet blei klyngetuna dei fleste plassar oppløyst på 18-1900-talet. I eit klyngetun er innhus og uthus til fleire eigedommar organisert i ei klynge. Rundt klyngetunet ligg innmarka,som er delt inn i teigar for det enkelte bruket.
Vest-Lista er eit unikt landskap, rikt på både natur- og kulturopplevingar i eit aktivt landbruksmiljø. Området er eit av Noregs eldste jordbrukslandskap. Her har det vore landbruksdrift i over 6000 år. Jordbruksdrift a har sett mange spor i landskapet frå ulike tidsperiodar. På Jærberget fi nn vi helleristningar av 22 skip og over 70 skålgroper frå bronsealderen. Vidare fi nns gravhaugar, kystrøyser, pikksteinar (fallossteinar) og ei bygdeborg i perioden frå bronsealderen til jernalderen. Alt dette fortel om livsvilkår og tilhøve til liv og død blant folk i førhistorisk tid.
Eit særpreg på Lista er alle langhusa. Desse er karakterisert ved at uthus og innhus er bygde saman til langhus. Denne byggeskikken har røter heilt tilbake til jernalderen. I Noreg er det bare på Lista vi finn langhustradisjonen så godt bevart. Det typiske innhuset er eit sørlandsk midtgangshus.Utallige steingardar, bakkemurar og rydningsrøyser set sitt preg på landskapet i dag og fortel om rydding av innmark og eigedomsdeling gjennom mange generasjonar. Buvegar og utmarksgjerde er dei eldste kulturminna som fortel om det tradisjonelle jordbruket.
Dette var eit produksjonssystem der utmarka blei utnytta til beiting og forsanking og innmarka blei gjødsla opp med tilførsle av næring frå utmarka. Som følgje av denne produksjonsmåten fekk vi både i utmark og innmark vegetasjonstypar som er menneskepåverka. På Penne finns fortsatt restar av det gamle kulturavhengige biomangfaldet.

