Søk etter løype:





 
Gå tilbake til løype

NORDHERAD

Nordherad er eit aktivt jordbruksområde på nordsida av Vågåvatnet, vest for Vågåmo sentrum. Det ligg godt synleg frå riksveg 15 som eit bratt, solrikt og ope mosaikklandskap med stor estetisk verdi. Det er 49 landbrukseigedommar i området, og 34 av desse er i sjølvstendig drift . Dei fleste gardane har beitande husdyr. Nordherad har store høgdeforskjellar, og gardsbruka ligg grovt sagt i to «etasjar», den eine langs Vågåvatnet og den andre opp mot utmarka. Mellom desse to nivåa er det bratte lier med beitemark og skog

NORDHERAD

Nordherad, foto: Ragnhild Apeland, Oppland fylkeskommune

Store, brune tømmerbygningar dominerer landskapsbildet. Samstundes er det er tatt vare på mange mindre uthus med ulike funksjonar frå gamalt – «eldhuset, tørrstugua, smiua» mfl . er kjende omgrep i bygda. Bygningane er stort sett samla i tette gardstun. Nordherad har Norges tettaste samling av freda landbruksbygningar, totalt 38 hus fordelt på seks gardstun.

Det ekstremt nedbørfattige klimaet og den næringsrike, kalkholdige berggrunnen gir grunnlag for ein artsrik «steppevegetasjon». Særleg forekomstane av sjeldne lavartar er unik og er med på å gi området internasjonal status i biologisk samanheng. Det er kartfestan 80 lokalitetar med spesielle naturverdiar, først og fremst ugjødsla beitemark. Til saman 70 raudlisteartar av lav, sopp, planter og dyr er registrert. Forutan den verdfulle bygningsmassen, har Nordherad mange ulike kulturminne frå forskjellige tidsepokar. Busettinga er svært gammal, og fl eire felt med skålgroper i berget fortel om kultverksemd i bronsealderen. Mange små og frafl ytta rydningsplassar i utmarka illustrerer store sosiale forskjellar i tidlegare tider. Det er og mange spor etter til dømes gamle vatningssystem og steinbrot.

80 lokalitetar med spesielle naturverdiar, først og fremst ugjødsla beitemark. Til saman 70 raudlisteartar av lav, sopp, planter og dyr er registrert. Forutan den verdfulle bygningsmassen, har Nordherad mange ulike kulturminne frå forskjellige tidsepokar. Busettinga er svært gammal, og fl eire felt med skålgroper i berget fortel om kultverksemd i bronsealderen. Mange små og frafl ytta rydningsplassar i utmarka illustrerer store sosiale forskjellar i tidlegare tider. Det er og mange spor etter til dømes gamle vatningssystem og steinbrot.

Sidan 1999 har grunneigarane sjølv drive «Nordheradsprosjektet» for å ta vare på kulturlandskapet og legge til rette for ferdsel og opplevingar. Prosjektet fekk den nasjonale kulturlandskapsprisen frå Norsk Kulturarv i 2009.

Side-alternativer