Søk etter løype:





 
Gå tilbake til løype

Hodne-Vikevåg, Helland-Bø og Førsvoll

Kystlyngheiområda på Rennesøy er svært varierte med lynghei på platået og tørrbakkar, enger og lauvtrelundar i den varme sørvesthellinga. Området har eit spesielt stort innhald av trua artar og andre sjeldne artar. Totalt er det registrert over 480 planteartar i området. Fem plantar veks ingen andre stader i Noreg. Det store artsmangfaldet skuldast mellom anna at Rennesøy har både svært milde vintrar og rimeleg varme somrar, dette gir gode vekstvilkår for ulike planteartar.

Hodne-Vikevåg, Helland-Bø og Førsvoll

foto: Arne J. Lyshol, Fylkesmannen i Rogaland

Det opne beitelandskapet er dessutan av dei eldste i landet med ei samanhengande brukshistorie på opp til 6000 år. Innanfor området fi nn ein vidare mange ulike kulturminne. Det som er lettast å få auge på er alle dei karakteristiske piggsteingjerda.

Elles finn ein spor etter gamle ferdselsårer, nausttuft er og torvhus m.m. Gardsanlegget Førsvoll med fl eire gamle og karakteristiske bygningar ligg også innafor området. Dei eldste bygningane frå midten av 1800–talet er bygd opp av tørrmur. Dei utvalde kystlyngheiområda ligg elles lett tilgjengeleg, og Rennesøy kommune har saman med Stavanger Turistforeining merka fleire turløyper i området.

Dei siste par åra har fl eire av grunneigarane i området vist stor interesse for å ta være på landskapet og bygningane. Store delar av lyngheiane blir no brukte som ugjødsla beiteområde, men det er fl eire stader eit press for å gjødsla dei opp. Fleire kulturminne er restaurerte eller rydda fram i lyset. Bruk og vedlikehald av landskapet er ein viktig føresetnad for at kvalitetane i området ikkje går tapt.

Side-alternativer