Hoddevik - Liset
Hoddevik-Liset er ein del av Stadlandet, ei høgslette med bratte klipper mot havet, eit irrgrønt lågland og raudbrune kystlyngheier. Vêrhardt klima, topografi og eit omfangsrikt jordbruk har forma eit landskap som har mange fellestrekk med vesterhavsøyene. Folk har busett seg i dalføra med fl at dyrkingsjord, eller klora seg fast i bratte bergskår langs med havgapet. Gravfunn viser at det har vore gardsdrift i området sidan eldre jarnalder. I heile området finn ein bygningar, tufter, steingardar, bakkemurar og buvegar som fortel om tidlegare drift og aktivitet.
Kystkulturlandskapet er prega av open beitemark, lyngheier og torvmyrar i gradvis overgang frå heimebøen. Fleire gamle slåttemarker i området er svært artsrike med mange sjeldne og sårbare artar. Hoddevik ligg i eit tydeleg avgrensa dalføre ut mot havet og utgjer ein særprega del av landskapet. Gardane ligg som perler på ei snor langs vegen i den fl ate dalbotnen. Den breie sandstranda og dei store sanddynene i dalsida er naturlege blikkfang. Dalsidene er oppdelt i steingardar, overfl aterydda teiger, fegater og små gardfj øsar.
På nordsida av stranda ligg den karakteristiske naustrekkja. Klyngjetunet på Indre Fure er eit særsyn, med ein lun tunplassering på ein så vêrutsett plass. Frå Indre Fure leier ein smal gangsti til Ytre Fure, der gardane ligg på ei hylle ut mot havet. Det som ikkje er bart fjell er frodig grasmark av gamal slåtte- og beitemark. Oppmurte vegar, steingardar og bakkemurar deler opp kulturlandskapet, og opp i fj ellsida ligg tuft ene etter gamle løer.
På Drage ligg gardane spreidd ut over den slake strandfl ata med dyrkingsjord, omkransa av lisider med beitemark og kystlynghei. Gardane i Årdal, Skårbø og Liset utgjer kvar for seg heilskapelege kulturlandskap i skiljet mellom hav og fj ell. Områda er rike på tekniske strukturar, tuft er og gamle bygningar. Ein finn også artsrike slåtte- og beitemarker.

