Grinde - Engjasete
Grinde-Engjasete har ei svært interessant kulturhistorie med tradisjonelle drift sformar som enno vert praktisert på fl eire av bruka. Lokalsamfunnet på Grinde har vore flinke til å ta vare på den tradisjonelle ressursutnyttinga, og den unge generasjonen er oppteken av å vidareføre drift sformen. Svært mange gamle styvingstre i området vitnar om at lauvinga var viktig for landbruket før i tida.
Lauvinga har bidrege til stor variasjon av ulike kulturmarker i området. Ein finn hagemarker med bjørk eller ask, lauvenger med ask, alm, bjørk eller selje og haustingsskogar med alm eller ask. Dei fl este styvingstrea finn ein i tilknyting til vegar, steingardar, rydningsrøysar og bekkefar. Sårbare beitemarksoppar, sjeldne vedbuande soppar og interessante artssamfunn av lav og mose held til på styvingstrea i området.
Gravrøyser og andre funn fortel om landbruksdrift i området sidan eldre bronsealder. Lauvsankinga kan sporast tilbake til 2 400 år f.Kr. Det har truleg vore fast busetnad i det historiske tunområdetnsidan 500 år f.Kr. Bygningane i tuna og på innmarka er i stor grad frå 1800-talet og her er verdifulle bygningsmiljø. Området er rikt på steingardar, bakkemurar, rydningsrøyser og gamle vegfar.
Grinde-Engjasete er ein typisk fj ordgard der ressursgrunnlaget har vore alt frå fiske i fjorden til utmarkshausting i fj ellet. Både innover Grindsdalen og oppover fj ellet ligg fl eire stølsområde som vart brukt på ulike årstider. På Orrasete ligg det gamle heimestølsmiljøet som vart brukt vår og haust av gardane på Grinde og Engjasete. Her finn ein også mange tekniske strukturar i tillegg til murar og tuft er etter gamle sel og høyløer. Dei gamle kulturmarkene og kulturminna ligg i ein mosaikk med meir moderne produksjonsareal for frukt, eng og beite. Området er skånsamt utnytta med få moderne inngrep, og framstår som eit kulturlandskap med stor tidsdjupne. Årleg slått og beiting av engareala i tilknyting til styvingstrea formar eit lysopent og parkliknande landskap.

