Søk etter løype:





 
Gå tilbake til løype

Fjellgardane og seterdalane i Øvre Sunndal

Grøvuvassdraget ligg lengst aust i Sunndal kommune mot Sør- Trøndelag og Oppland. Området ligg frå 200 til vel 800 moh. Naturen er svært dramatisk, med skogkledde stupbratte lier, djupe juv og elvegjel, grusterrassar, breie dalar med godt beite og seterdrift. Fire fossar stuper ned i Jenstadjuvet og renn saman i Åmotan. Attanfor ligg fjellviddene med toppar opp mot 2000 meter over havet. Her finst Nord-Europas einaste intakte høgfj ellsøkosystem med mellom anna villrein, moskus, jerv og fjellrev.

Landskapsverdiane er likevel i stor grad knytt til kulturlandskapet med gamle brunsvidde tømmerhus med opne beitemarker, slåtteeng og åker omkring. Fjellgardane i området, 18 i talet, vert i dag drivne av fem aktive gardbrukarar. Samla er jordbruksarealet på i alt 683 dekar. Verdiane i kulturlandskapet er svært godt dokumentert gjennom mange registreringar. Dei biologiske verdiane i området er knytt til kalkrike og artsrike seterdalar med naturbeitemarker og skogsbeite. Det er mange fornminne i området. Fangst- og dyregraver, gamle hustuft er, gravrøyser m.m. syner forhistoria frå steinalderen og framover.

Det er også fl eire gamle gardar som er haldne godt i hevd. Døme på det er Svøu/Svisdal og Jenstad som truleg er frå yngre jernalder. Svøu/Svisdal er to f ellgardar som ligg oppe i fjellet ved elva Grødøla, om lag 600 moh. Gardane har mange gamle gardshus av høg verdisom kulturminne.I høgfj ellsdalane ligg det svært mange setrer. Desse vitnar om at det har vore stor aktivitet i desse områda. På Gammelsetra i Grudalen har det vore kontinuerleg seterdrift frå «gammeltida» og fram til i dag. Her er det mjølkekyr kvar sommar, og det vert produsert smør, ost, gubb osb. etter gammal oppskrift . Det vert og halde årlege seterkurs på denne setra.

I 2002 vart deler av dette nasjonalt viktige kulturlandskapet verna som Åmotan-Grøvudalen landskapsvernområde. Området grenser også til Dovrefj ell-Sunndalsfj ella nasjonalpark.

Side-alternativer