6. Urnes og verdensarven
Som den einaste av stavkyrkjene, er Urnes stavkyrkje på UNESCO si liste over verdsarven vår, saman med pyramidane i Egypt og den kinesiske muren. Urnes stavkyrkje er den eldste av dei bevarte kyrkjene. Tømmeret vart hogge vinteren 1129–30, og dette er truleg den fjerde kyrkja på denne kyrkjestaden. Ved sida av Nidarosdomen er Urnes stavkyrkje den kyrkja som er mest omtala og mest sentral i norsk mellomalderforsking.
Dei vakkert utskorne veggplankane og portalen kjem frå kyrkja som stod der før. Etter 750 år med omskiftelege tider var dette stolte minnet over den mektige Ornes-ætta i forfall. Så overtok Fortidsminneforeninga stavkyrkja i 1882 og restaurerte ho. I dag er kyrkja verdsett så høgt at ho står på UNESCO-lista over verdskulturarven. Nordportalen med utskjeringar kalla ”urnesstil”, er mellom dei aller viktigaste arkitekturskattane i Noreg. Ei løve med manke kjempar med ein orm. Skurden har røter i ornamentikken frå vikingtida, men er tolka som Kristus i kamp mot det vonde. Eksempel på urnesstilen finn ein over heile Skandinavia og på Dei britiske øyane. Les mer her og her.
På Ornes har det budd storfolk, som kunne reise ei så velbygd og rikt utsmykka kyrkje. Ornes var eit av dei viktigaste og rikaste hovdingseta på Vestlandet i mellomalderen. Her vi finn vi også dei eldste spora etter kyrkjebygging i landet.
Nokre kilometer lenger inne i retning Skjolden, ligg garden Ytre Kroken, ein av dei norske storgardane i mellomalderen. Midt på 1700-talet kom garden i familien Munthe si eige, og det over 200 år gamle huset spela ei sentral rolle i norsk kunst- og kulturliv først på 1800-talet. Her vanka kunstnarar som Johannes Flintoe og Joachim Frich, og det var her Adolph Tidemand og Hans Gude møttest for første gong. Johan C. Dahl hadde Munthehuset som base for fleire turar han hadde til Sogn.

