Gå tilbake til løype
5. Kaupanger stavkyrkje
Kaupanger stavkyrkje er den største av stavkyrkjene i Sogn og er framleis i bruk som soknekyrkje. Utvendig litt anonym, men innvendig majestetisk. Kyrkja sin mellomalderkonstruksjon er komplett, og kyrkja blir rekna som ei av dei godt ivaretekne stavkyrkjene våre. Det er påvist spor av 2 tidlegare kyrkjer på same staden. Den eldste er datert tilbake til 2. halvdel av 1000-talet. Årringsprøvar tekne frå sørporalen viser at tømmeret vart hogge kort etter 1137.
Kyrkja har vore ombygd fleire gonger. Då målinga frå 1862 vart fjerna, kom det m.a. til syne ei rekkje med "noteteikn" - neumer, måla direkte på veggen. Desse er tolka og bearbeidde, og finst no som hymne i den nye salmeboka for Den norske kyrkje på nr. 197. Komponisten Arne Norheim vart også inspirert av neumene og lyden i dei gamle mellomalderklokkene i Kaupanger stavkyrkje, og komponerte ut frå dette verket "Klokkesong", som vart urframført i kyrkja i 1984. Les meir her.

