Gå tilbake til løype
9. Hove steinkyrkje
På den andre sida av bygda ligg Hove steinkyrkje. Ho blir datert til ca 30-40 år seinare enn Urnes og Hopperstad.
Dekoren er overveldande og svært detaljrik. I koret er dei smale gluggane dekte med vakre glasmåleri. Kyrkja er truleg reist som privat kyrkje for ein storbonde på Hove. Også her var det arkitekten Peter Andreas Blix som vart kyrkjereddar. Då Fortidsminneforeninga ikkje kunne løysa ut kyrkja, kjøpte han kyrkja og restaurerte ho for eigne midlar. Kyrkja er ei av dei eldste steinkyrkjene i landet, og Vik er einaste staden i landet der ein finn både ei stavkyrkje og ei steinkyrkje frå mellomalderen. Les meir her.

