Søk etter løype:





 
Gå tilbake til løype

2. Borgund stavkyrkje

Borgund stavkyrkje har stått stort sett uendra fram til i dag. Kyrkja er blant dei mest særmerkte av stavkyrkjene våre og har tent som modell ved restaurering av ei rekkje stavkyrkjer i Noreg, som Gol stavkyrkje på Norsk Folkemuseum, Hopperstad stavkyrkje og Fantoft som kom frå Fortun.

2. Borgund stavkyrkje

Borgund stavkyrkje

Årringsprøvar frå stavane viser at tømmeret vart felt ca 1180. Kyrkja vart tidleg ein turistattraksjon, alt i 1721 er ho omtalt som ”een Gammel og Extraordinaire sær Stave Bygning..”. Ein modell av kyrkja var utstilt på verdsutstillinga i Paris i 1889. Han står no i Musée National des Techniques, og syner kyrkja slik ho såg ut før restaureringa på slutten av 1800-talet.

Støpulen

Den spesielle veggkonstruksjonen som er typisk for stavkyrkjene, finn me og i enkelte andre byggverk. Støpulen, det frittståande klokketårnet ved Borgund stavkyrkje, er eitt døme. Slike støpular var vanlege, men dette er den einaste som står i dag.

I besøkssenteret er ei permanent utstilling om stavkyrkjene, om korleis dei vart bygde og brukte, om korleis dei fleste forfall og forsvann. Les meir her.

Borgund stavkyrkje ligg i eit kulturlandskap med spor som er eldre enn den noverande kyrkja. I 1023 drog Olav den Heilage oppover dalen for å kristna bøndene i Valdres. Sverrestigen går óg forbi kyrkja. Den skal kong Sverre ha nytta i 1177, då han for over fjellet med Birkebeinarane. Bak kyrkja finn ein den opphavelege ferdslevegen mellom aust og vest. Sverrestigen, ein rideveg, er ein del av den første kongevegen mellom Aust- og Vestlandet, og gjorde teneste som hovudferdsleåre fram til 1792, då den vart avløyst av Vindhellavegen. I 1840-åra vart Vindhellavegen omlagd og fekk høge murar og fine slyng oppover skaret. Kaptein Finne frå Voss var byggjeleiar, og det var sagt om han at ”han murede for meget og minerede forlidet”. Det syner att på dei veganlegga han var ansvarleg for. Rundturen tek ca. 2 timar. Informasjon om vegane finn ein i besøkssenteret. Frå stavkyrkja kan ein fortsetja turen langs den gamle europavegen som no blir kalla ”Historisk Rute”. I Sjurhaugfossen kan ein sjå laksen hoppa, om ein er heldig, og lengre nede passerer ein den gamle husmannsplassen Galdane, som ligg oppe i lia over elva. Plassen vart fråflytta i 1947. Turen går vidare til Lærdal. I Gamle Lærdalsøyri finn vi 161 trehus frå 1700- og 1800 talet som er ivaretekne i miljøet sitt, og blir rekna som eit av dei best bevarte trehusmiljø i landet. Elva og laksefisket har vore viktig i Lærdal, og historien om dette finn ein på Norsk Villakssenter. Les meir om Lærdal her.

Side-alternativer