Søk etter løype:





 
Gå tilbake til løype

3. Gamlebakeriet, Lærdalsøyri

Fortidsminneforeninga sin eigedom, Gamlebakeriet, ligg i hjarte av Gamle Øyri. Fire bakarar dreiv verksemda si i Gamlebakeriet, frå 1880-1950-åra.

Det gamle bakeriet er bygd i to høgder. I underetasjen er bakeriet med innreiing bevart. I eit lite bakrom hadde truleg drengen sin soveplass. I høgda over, var det malttørkeri over bakaromnen. I kammerset hadde ein skomakar verkstaden sin Fortidsminneforeninga overtok bygningen i 1972. Frå 2006 har det igjen vore bakarverksemd i lokala i sommarsesongen. I 2008 vart 2. høgda innreidd og sett i istand, og det blir no mogleg å få leige seg inn som overnattingsgjest i huset.

Side-alternativer