Storrundt i Tingvoll
Storrundt er ein 4-5 km lang turveg mellom Øydegard, Kjervika og Eikrem i Straumsnes i Tingvoll kommune på Nordmøre.
Storrundt går etter gammal bygdeveg, skysskaffarveg, gardsvegar og riksveg i greitt terreng.
Undervegs er Storrundt skilta med lokale stadnamn og namn på treslag.
Storrundt går gjennom gardstun og forbi gamle husmannsplassar og sommarvillaer i eit fint kulturlandskap.
Turvegen Storrundt vart offisielt opna i 1998, men går langs gamle ferdselsvegar.
Storrundt er mykje bruka, med over 3 600 registrerte turar frå 1. oktober 2008 til 1. oktober 2009.
Du kan starte på Øydegard eller på Eikrem. Her finn du òg informasjonstavler om Storrundt.
På Øydegard er det god parkeringsplass.
God tur Storrundt!

