Søk etter løype:





 
Gå tilbake til løype

Holmen i Balestrand

Holmen i Balestrand er eit veleigna utgangspunkt for ei fjordbasert jakt på kulturminne. Turistkontoret i Balestrand vil med glede fortelja om kulturminna i kommunen. Eitt av desse er minnesteinen ved Kviknes Hotel, som vart reist i 1911, til minne om skipinga av Fylkesbaatane i 1858. Turistkontoret har informasjon om båt- og kajakkutleige.

Holmen i Balestrand

Holmen - Balestrand foto: Sarah Jane Hails

Frå den trivelege småbåthamna i Balestrand passar det godt med ein tur inn i Esefjorden, den vesle fjordarmen med det store innhaldet. Fjordkulturen blømer på båe sider, men glansnummeret er den majestetiske Esebotten, med eit mikroklima prega av nærleiken til høgfjellet.

 

Side-alternativer