4. Helleristningar frå Steinalderen på Skavberget, Kvaløya.
Kva er helleristningar? Helleristningar er forhistoriske bilde hogge inn i berg. I dag er helleristningar ofte vanskeleg å sjå. Dei har difor vore oppmalt slik at dei skal tre tydelegare fram for publikum. Men, da helleristningane var nylaga stod dei lyst fram i kontrast til det mørkare berget og somme av dei kunne sjåast på avstand. Det har og vore foreslått at figurane har vore hugge gang på gang for å halde dei tydelege eller at dei og i forhistoria har vore malt opp med til dømes raud oker slik som ved bergmalingar. For å gjere figurane tydelegare for publikum har dei vore måla med raud farge.
Helleristningane ved feltet Skavberget 1 i 2003 før fjerning av lav og mose. Ein kan sjå somme av dei raudmåla figurane. Foto: Jan Magne Gjerde.
Helleristningane ved feltet Skavberget 1 i 2007 etter fjerning av lav og mose. Ein kan sjå dei raudmåla figurane. Foto: Jan Magne Gjerde.
Nattfoto av den nye elgfiguren ved Skavberget 2. Elgen er markert med kvit linje. Bjørnen under buklinja til elgen kjem og tydleg fram i nattbelysning. Ved å nytte kunstig lys på denne måten kjem figurane tydelegare fram og ein kan finne nye figurar.
Historikk
Dei fyrste helleristningane ved Skavberget vart oppdaga våren 1950 og innrapportert til Tromsø Museum. Under dokumentasjonen under leiing av arkeolog Povl Simonsen i 1952 ble det funnet to nye felt med helleristningar nær det fyrste feltet. Ein kjenner i dag 3 bergflater med helleristningar ved Skavberget i dag, men det skulle ikkje forundre meg om det er fleire bergflater med helleristningar i området. Nummereringa av felta er gjort etter kva tid dei vart funne. Skavberget 3 ligg ved vegen. Ved å fylgje stien til venstre for Skavberget 3 kjem ein til Skavberget 2 og nokre meter lenger opp kjem ein til Skavberget 3. Dokumentasjonen av figurane ved Skavberget vart publisert i Povl Simonsens bok Arktiske Helleristningar i Nord-Norge II i 1958. I Simonsen sin dokumentasjon vart det avteikna om lag 25 figurar. Blant figurane er menneske, elg, reinsdyr, bjørn og geometriske rammefigurar.
Lokalisering
Helleristningane på Skavberget ligg i dag på tre loddrette bergflater ved garden Skavberg på Kvaløya om lag 27 km med bil frå Tromsø. Skavberg ligg nær den kraftige Rystraumen ikkje langt unna det kjente utfartsstaden Hella der folk frå Tromsø ofte prøver fiskelukka ettersom fisket i sundet ved Rystraumen er kjent for å være godt.
Dokumentasjon
Under dokumentasjonen av helleristningane ved Skavberget nytta ein ikkje dei same dokumentasjonsteknikkane som i dag. Berget ved Skavberget er sterkt erodert og var enkelte stadar dekka med lav og mose. Dette vanskeleggjorde dokumentasjonen. Men berget har truleg vore glatt da figurane vart hugge inn i berget. Dette kan ein sjå på dei lågareliggjande delane av berget ved Skavberget 3 som nyleg er avdekka.
Ein har ved fleire høve sett fleire figurar enn dei som opphavleg vart dokumentert. Dette aktualiserte ein nydokumentasjon av helleristningane. Vegetasjonen på bergflata gjorde det og vanskeleg å sjå figurane. Det var ynskjeleg å reingjere berget slik at helleristningane kunne tre betre fram under dokumentasjonen og når dei skulle visast fram for publikum. Dei seinare åra har Tromsø Museum dekka til helleristningane ved Skavberget for å sikre helleristningane og for å fjerne lav og mose. På denne måten kunne ein reingjere bergflata før ein dokumenterte helleristningane på nytt. Ein har gjennom dei seinare års forsking avdekka fleire nye figurar på Skavberget og feltet har i det siste vore studert for å kunne dokumentere felta på nytt. Dette arbeidet er rekna avslutta om kort tid. Blant dei spanande nyfunna er hovudet til den store menneskefiguren ved felt 1 og ein elg på nesten 3m i storleik på felt 2.
Kva tid vart dei laga?
Noko sikker datering av helleristningane er vanskeleg. Ein har mange eksempel der helleristningane var lokalisert i strandsona i steinalderen. Lenge meinte ein at dette kunne forklarast funksjonelt på grunn av lite vegetasjon sidan berga låg i strandsona. Ein har og forklart denne strandbundne lokaliseringa gjennom arktisk kosmologi der strandsona var sentral i deiras verdsbilete. Ein har tidlegare antatt at helleristningane ved Skavberget var frå Yngre Steinalder (4500f.Kr-1800f.Kr), men det er mogeleg at dei fyrste figurane ved Skavberget på det øvste feltet vart laga så tidleg som 7000f.Kr. Helleristningane ved Skavberget ligg mellom 18 m og 12 m over havet. Helleristningane på det øvste feltet er dei eldste medan helleristningane på det nedste feltet er det yngste. Om helleristningane var strandbundne syner helleristningane ved Skavberget at dei er laga og/eller i bruk over lang tid, gjennom fleire tusen år.
Busetnad ved Rystraumen
Det er funne busetnadar frå ulike delar av Yngre Steinalder ved Rystraumen. Funna ved bustadane vitnar om jakt og fiske. Det er funne knivar, fiskesøkke, spyd- og pilespissar.
Rett nedanfor helleristningane ved det nedste feltet vart det under vegbygging funne ein buplass frå Steinalderen. Funna frå denne bustaden indikerar at den var i bruk i den seinare fasen av Yngre Steinalder og i Tidleg Metalltid. Sidan funna er frå same bustad er det truleg at denne bustaden var i bruk rundt overgangen mellom Yngre Steinalder og Tidleg Metalltid, rundt 1800 f.Kr. Ut frå funna ved buplassane er det truleg at folk har budd ved Rystraumen heile året.
Tolking
Ein av dei mest kjente tolkingane av Skavberget er at de er laga i samband med jakt på reinsdyr. Reinsdyr har i historisk tid vore ført over Rystraumen. Ein ser for seg at her har vore eit reinsdyrstrekk også i førhistorisk tid. Dette kan forklare avbildingane av berre hovudet av reinane på felt 1 sidan resten av dyret var under vatn under symjinga over Rystraumen. På denne måten kunne helleristningane vere ein del av mogelege ritual både før, under og / eller etter jakta.
Men det er ikkje berre reinsdyr som er hugge inn i berget ved Skavberget. Av dyr opptrer både bjørn og elg i tillegg til reinen. Storvilt er det mest vanlege motivet hugge inn i berget i Steinalderen. Dette har vore tolka som totemdyr for ulike grupper. Ulike dyr og ulike måtar å avbilde dyra i helleristningane er og tolka som å representere ulik tid eller ulike grupper sine motiv. Ulik stil er og tolka som ulikt opphav.
Menneskefigurar er og hugge inn i berget ved Skavberget. Stadar der ein har laga helleristningar har vore tolka som møtestadar. Rystraumen ved si gunstige lokalisering kan være ein av grunnane til at folk oppheldt seg ved Skavberget over lengre tid. På denne måten kunne staden med helleristningar være ein stad der folk heile tida visste at ved Skavberget kunne ein treffe andre folk. Det er ikkje utenkeleg at Skavberget var ein møtestad i Steinalderen der ulike typar sosial samhandling som til dømes ritualer var knytt til helleristningane. På denne måten kunne Skavberget verka som ein kommunikasjonsstad der folk utveksla informasjon om stadar, menneske, dyr og makter.
Jan Magne Gjerde, stipendiat, Tromsø Museum

