Reitlevegen og stølvegane i Eksingedalen
-
Reitlevegen og stølvegane i Eksingedalen
- 1. Den gamle kløvvegen (Reitlevegen) gjennom Eksingedalen i Hordaland. Bygd av bygdefolket i tida 1840 - 1860. 2. Stølsvegane i Eksingedalen.
- 60.8 6.0
Reitlevegen
Eksingedalen er ein trong v-dal og elva Ekso renn i dalbotnen. Før 1840 var det vanskeleg å ta seg fram med hest frå øvst til nedst i dalen, då fjellhamrar mange stader stengde for passasjen langs elva. Rundt 1840 starta bygdefolket arbeidet med å byggje ein samanhengande kløvveg (reitleveg). Arbeidet var eit slit, høge murar og store steintrapper trongst mange stader.
No ligg deler av Reitlevegen under bilveg, men det er framleis mogeleg å gå 9 delstrekningar. Fleire av dei har imponerande steintrapper. Delstrekningane er rydda og merkte, og det er sett opp informasjonstavler langs bilvegen. Dersom ein vil gå heile Reitlevegen, må ein gå deler av turen på bilveg. Kvart stykke av Reitlevegen er likevel ikkje lenger enn at ein kan parkere bilen nær ei informasjonstavle, gå Reitlevegen, gå bilvegen attende til bilen, køyre til neste informasjonstavle og så gå vidare på neste stykke av Reitlevegen.
Stølsvegane
Stiane til dei 18 stølane i Eksingedalen er rydda og merkte. Dei fleste av desse startar også ved ei informasjonstavle frå bilvegen, der du får vite meir om kvar støl.
Meir informasjon
Informative hefte om Reitlevegen og om stølane og stølsvegane er til sals i lokalbutikken på Lavik i Eksingedalen, og hjå Bergen Turlag i Bergen.
Dei 9 delstrekningane av Reitleveg er tilsaman 9,75 km., varierane frå 0,3 til 2 km. Turane til stølane tek frå 1/2 til 2 timar.
Sakte reise - kombinere turgåing og sykling
Nasjonal sykkelløype nr 4 går gjennom Eksingedalen, så dette er fine turar å kombinere med sykling.

