PILEGRIMSVEGEN FRÅ TELEMARK TIL RØLDAL
Ein har prøvd å fylgje dei gamle vegane så langt det har vore mogeleg, men har måtta finne andre alternativ der dette har vore nødvendig. Hovudløypa går frå Seljord til Røldal, 164 km. Det er to sidegreiner: Den eine startar i Kviteseid,den andre i Dalen. Endepunktet er Røldal stavkyrkje. Det var dit pilegrimane valfarta i samband med "gamaljonsok", 6.juli.
Vegen går gjenom bygder, over heiar og høgfjell. Han går gjennom område rike på kulturhistorie, segner og soger. Det er gjeve ut ei kulturhistorisk vegbok med kart: Fann eg dei stigar. Pilegrimsvegen frå Vest-Telemark til Røldal.
I geografien går turen slik: Seljord-Morgedal-over heia til Øyfjell-Åmot-Vinje-Grungedal-Edland-over Haukeliheii til Vågsli, over Haukelfjell til Ulevå, kryssar fylkesgrensa til Hordaland og Odda kommune-Dyrskar-Svandalsflona-Austmannalia-Røldal.
Turen går gjennom vakkert og varierande terreng. Det blir arbeidd med å bygge gapahukar på dei stadene der det ikkje enkelt å finne overnattingsstader. Vi vonar dei blir ferdige sommaren 2009.
Turen kan gåst på eiga hand. Men det blir og arrangert ei årleg vandring. I 2009 startar denne den 26.juni og er framme i Røldal den 3.juli.

