Prestestova Stordal
Prestestova vart bygd kring 1850 og var lenge brukt som kontor og hybel for presten som ikkje budde fast i bygda, til soknerådsmøte, konfirmantførebuingar, som sakristi og kvile/varmerom for dåpsbarn og andre kyrkjegjengarar med lang veg. I 1984 overtok foreninga Prestestova og flytta ho nærare kyrkja pga ein ny veg. Huset ligg i det vesle bygdetunet i Stordalen, og er nå restaurert og inneheld toalett til bruk for turistar, vaktrom for kyrkjeguidane og eit noko større rom mellom anna blir brukt til utstillingar for Kyrkjehola kulturbeite.

