Søk etter løype:





 

Opplevingar på Gamlevegen i Rødalen

Red Marker Opplevingar på Gamlevegen i Rødalen
Gamlevegen i Rødalen vart i eldre tid nytta av dalfolket på 7 gardar. Vegen ligg utruleg fint i eit dramatisk landskap, i seg sjølv ei oppleving. Dessutan byr fotturen på overraskingar, m.a. ei vide bereist høyløe.
62.2114741762 7.45594024658
  • Kulturhistorie
Gamlevegen i Rødalen vart i eldre tid nytta av dalfolket på 7 gardar. Vegen ligg utruleg fint i eit dramatisk landskap, i seg sjølv ei oppleving. Dessutan byr fotturen på overraskingar, m.a. ei vide bereist høyløe.
Løypeinformasjon
2-3 t
Til fots
6 km
Møre og Romsdal
Norddal

Gamlevegen i Rødalen, Tafjord

Høgde 190-350 meter

Fotturen startar om lag 500 meter aust for Onilsavatnet. Ein kan parkere bilen ved ei infotavle, der ein sti fører inn på Gamlevegen. Ein følgjer først ei rås gjennom orekrattet til brua over Rødalselva, så gamlevegen vidare oppover nordaustsida av Rødalen.

Vegen er kupert, men særs forseggjort, og er fin å gå. Ruta går gjennom ei vakkert og biologisk sjeldant landskap, med mang sjeldne plantar og sommarfuglar.

Etter nokre svingar kjem  ein opp til ein knaus der ein til venstre ser fleire steinmurar. Her låg plassen Sæterbakken.

Om lag halvveis kjem ein til ei lita høyløe som ligg noko nedanfor og 50 meter frå vegen. Dette er den berømte Gjerdeløa.

Vegen går vidare med særs store juv og fossfall på høgre side, men vegen er brei og trygg og å gå på.

Lenger oppe krysser ei bru elva, og vegen fører opp til garden Øyna. Gardsbruket hadde fast busetnad inntil for få år sidan. 

Herifrå er god utsikt til Zakariasdemninga.

Retur same vegen – ein kan for så vidt gå bilvegen attende, men dette er knapt tilrådeleg pga. fare for steinsprang, særleg der ein må gå den gamle bilvegen på utsida av tunnelen. (Bør ikkje gå tunnelen, då vegbana er smal og utan lys.)

 

Kulturminner

Rødalen

Rødalen

Frå Tafjord ved fjorden går veg opp til Onilsavatnet. Her deler dalen seg, og mot søraust går Rødalen - ein trong dal med djupe gjel, fossar og stupbrattte fjellsider. Dette er kunstnaren Marianne Heske sitt rike.

Les mer...

Sæterbakken - ein gard her?

Sæterbakken - ein gard her?

Gamlevegen snor seg oppetter den bratte Sæterbakken, og flatar så noko ut. Men terrenget er så ulendt og opprive, at det å plassere ein buplass her, verkar ubegripeleg.

Les mer...

Høyløa som var ein tur til Paris

Høyløa som var ein tur til Paris

Eitt av dei viktigaste kunstverka i landet: Gjerdeløa ved Gamlevegen i Rødalen

Les mer...

Øyna - garden under Zakariasdemninga

Øyna - garden under Zakariasdemninga

Fjellgarden Øyna overraskar med vide og flate bøar. Her budde kjende bjørneskyttarar. Og ein av bøndene fann titanjern.

Les mer...

Zakarias drukna og gav namn til vatn og demning

Zakarias drukna og gav namn til vatn og demning

Zakariasdemninga, den høgste betongdammen av sitt slag i Nord-Europa, demmer opp Zakariasvatnet med 70 millionar m3 vatn. Demninga og vatnet har fått namn etter ei dramatisk hending med Zakarias Uri i 1793.

Les mer...

Side-alternativer