Volda Elektriske Mylne
Volda El. Mylne AS vart skipa i 1930. Noverande mylnebygg vart reist i 1936.
Mylnebygget er teke vare på med små endringar, og har fått nyare tilbygg i 1980-åra. Mylnå produserer i dag matmjøl etter tradisjonelle metodar på steinkverner frå tidleg på 1900-talet. Dette er utstyr som er sjeldan å sjå i bruk i dag, og det er godt egna til maling av skalrike kornslag (havre, spelt). Det er inngått salsavtalar med fleire matvare- og bakerikjeder. Ny butikk/kafe: Mylneriet AS, opna 18.10.06. Her kan ein nyte kaffi og ein godbit i eit koseleg miljø.
Meir om Volda Elektriske Mylne.

