Søk etter løype:





 
Gå tilbake til løype

Valbjør Gard

Valbjør har eit freda gardstun med historie attende til vikingtida. I dag er det 12 hus på garden frå 1600-, 1700- og 1800-talet.

Husa er restaurerte og tilrettelagt for utleige og omvising, og syner fram ein stor rikdom av gamalt handverk og gamle tradisjonar. Garden er omlagd til økologisk drift, og har   produksjon av geitmjølk, eigen gardsbutikk med spekepølse av geit, ost, urter og ymse lokalt handverk. Garden ligg fritt og vakkert til på nordsida av Vågåvatnet med utsyn mot Jotunheimen. Valbjør ligg i eit vakkert, levande kulturlandskap med rike turmoglegheiter i  både sommar og vinter. Til garden høyrer også seter og fiskebuer i Sjodalen som i perioder er til utleige. Dei ligg i rolege og barnevennlege omgivelser. Valbjør gard er med i eit spanande samarbeidsprosjekt med fleire andre gardar i Gudbrandsdalen: GARDMILLOM - Kulturgardar i Gudbrandsdalen www.gardmillom.no som går av stabelen veke 30, siste veka i juli. Der kan ein oppleve levande handverkstradisjonar, utstillingar, konsertar, husdyr, dans, mat, og mykje meir. Sjå meir på www.gardmillom.no. Vi har no fullført restaureringa av Aasheimstugu, som er open for overnatting. Vi har no vel 20 sengeplassar fordelt på 8 rom, tilrettelagt for sjølhushald. Vi er og med i nyetablerte Vågå gardshotell, sjå www.gardshotell.no.

Meir om Valbjør Gard.

Side-alternativer