Nordre Ekre Gård
Heidal er med rette kalla Noregs største levande museum. Mange gardsanlegg og hus er freda og godt vedlikehaldne.
I Heidal får ein eit godt inntrykk av korleis ei fjellbygd såg ut i eldre tid. Gjennom eit særprega kulturlandskap renn Sjoa, elva som glitrar. Ekre er eit gammalt gardsanlegg med ni hus. Slekta har budd på Ekre sidan tidleg 1700-tal, men heilt sidan middelalderen har det budd folk her. Da var garden tingstad, der folk møttest for offentlege gjeremål. Gardsnamnet tyder åker, og vart den gongen skrive Æckru. I dag er garden blitt gardshotell og du kan sove i ei romantisk himmelseng ved klebersteinspeisen i det gamle kårhuset, eller tilbringe natta på stabbursloftet. Nordre Ekre har moderne kurs- og konferansefasilitetar, og tar både imot grupper og individuelle. Nasjonalparkane Rondane og Jotunheimen ligg under ein times kjøretur frå garden. Sætra, som ligg ved Heidalsmuen, vart oppbygd på midten av 1700-talet. I dag står det att 5 tømra hus. Om sommaren kan du overnatte i to av dei gamle sela og kanskje kan du møte huldra! Turar, jakt og fiske. Vertskapet Marit Ekre og Øyvind S. Johansen kan friste med eit godt kjøkken i skjæringspunktet mellom det tradisjonelle gudbrandsdalskjøkkenet og et moderne internasjonalt kjøkken. Velkomen til gards!
Meir om Nordre Ekre Gård.

