Søk etter løype:





 
Gå tilbake til løype

Nestunet

Fram til jordskiftet i 1912 var Nes eit typisk eksempel på eit lite vestlandsk klyngetun der to gardar, Oppistovo og Nistovo, hadde husa samla.

Nestunet

Foto: Mathias Øvsteng

Etter utskiftinga vart det bygd eit nytt tun, men fire hus frå det som i dag er Nestunet, vart selt og flytta til Oslo i 1921. Røykstova, eldhuset, bualoftet og eit stabbur har sidan 1948 utgjort ein del av Vestlandstunet på Norsk Folkemuseum på Bygdøy. Dagens drivarar på Nestunet har lagt ned mykje arbeid i å setja i stand dei gamle husa som sto att på Nes. Strandsitjarstove, gamleløa, eldhus og stabbur, alle frå 1700- og 1800-talet, er restaurert. "Idnestova", som er ei typisk vestlandsk lemstove frå 1863, er flytta til tunet i seinare tid. Huset er totalrestaurert og innreidd som to husvære. Her er detaljar frå før huset vart flytta tekne veldig godt vare på, og gjestane får bu i utleigehusvære av høg standard med sjølvhushaldning. Til og med det gamle geithuset som sannsynlegvis er frå 1700-talet, er sett i stand og innreidd til eit mindre utleigehusvære. Heile tunet og kulturlandskapet framstår som gjestmildt og innbyr til opplevingar for gjestene, anten på eiga hand eller saman med vertskapet. 200 m frå tunet er det naust, brygge, båt og eigen badeplass.

Meir om Nestunet.

Side-alternativer