Husum Hotell
Husum vart offisiell skysstasjon alt i 1834, og den eldste bygningen frå den tida er framleis teken vare på.
I 1887 vart hovudbygningen utvida og ombygd i sveitserstil, som var den dominerande stilarten i Sogn på slutten av 1800-talet. Mange hotellbygg vart påverka av denne stilarten, og Husum er ein typisk representant for turismearkitekturen på denne tida. Seinare restaureringsarbeid har lagt stor vekt på å ta vare på særpreget ved hotellet. Hotellet ligg idyllisk til ved Lærdalselva, og fleirtalet av gjestene på slutten av 1800-tallet var da også velståande engelske laksefiskarar. Det er berre 25 sengeplassar på hotellet, og berre nokre av romma har eigen dusj og eige toalett. Hotellet har stor matsal med originale dekorasjonar i taket, samt peisestove og fleire salongar. Vertskapet ønskjer å gje gjestene ei hotelloppleving med utgangspunkt i dei lange tradisjonane som er knytta til staden, og legg stor vekt på personleg service og heimelaga mat. Du kan også få fleire opplevingar i nærleiken av hotellet. Bl.a. kan du ta turen til Borgund Stavkyrkje til fots over den gamle Vindhellavegen, eller kjøre nedover dalen til det verna bygningsmiljøet på Lærdalsøyri.
Meir om Husum Hotell.

