Hardanger Fartøyvernsenter og Mathilde
Hardanger har lange båtbyggjartradisjonar. Alt i vikingtida og tidleg mellomalder deltok båtar herfrå på handelstokter til landa rundt Nordsjøen.
På 1800-talet førte sildefisket til auka etterspørsel etter større skuter, og båtbyggjarane i Hardangerfjorden gjekk over til å byggja ein type fartøy som fekk namnet jakter. Men utover 1900-talet vart seglskutene utkonkurrert av damp- og motorskip, og jaktefarten frå Hardanger tok gradvis slutt. I 1984 spora ein gjeng entusiastar opp jakta "Mathilde", som da var på tvangsauksjon. Dei gjekk i gang med eit formidabelt restaureringsarbeid på den 100 år gamle "dama". Dette vart starten på Hardanger Fartøyvernsenter, som i dag er eit levande museumsverft og eit nasjonalt kompetansesenter for fartøyvern. Ved ei omvising på senteret kan du sjå restaurering av gamle trefartøy, småbåtbygging, reipslaging og smiarbeid utført av engasjerte handverkarar, og du får oppleva fartøyhistoria gjennom utstillingar og biletspel. Du kan laga ditt eige tau på Vesle reiparbana, laga båt i Vesle småbåtverkstaden, gå sporløypa med aktivitetar, høyra oppstart av semi-diesel eller ro ein tur på fjorden. Senteret tilbyr fisketurar med hardangerkutteren Vikingen, og kortare eller lengre seglingstokt med hardangerjakta Mathilde.

