Gloppen Hotell
Også på Sandane var det dei engelske lakselordane som ga grunnlaget for hotelldrift frå midten av 1800-talet.
Det hadde vore overnattingsstad her sidan 1829, men dei første åra var det berre ein enkel skysstasjon. Joachim E. Sivertsen utvida skysstasjonen til landhandel og gjestgiveri, og staden blei den gong kalla "Sivertsen". I tillegg til å vere samlingsstad for laksefiskarane, var det også billettkontor her for den Norske Amerikalinje og Cunrad Line. For mange amerikafararar blei Sivertsen den siste opphaldsstaden i gamlelandet. Den eldste delen av hotellbygningen blei reist i 1866 og vidareført i 1921 i klassisk sveitserstil. Dette er tatt vare på. Gloppen Hotell er i dag eit historisk hotell med særpreg. "Peisestova" og "Stovene" er framleis innreidde med møblar frå 1800-talet og skaper eit varmt og stemningsfullt miljø. Alle fellesrom og gjesteromma i den gamle delen er pussa opp og ført tilbake til opprinnelig stil når det gjeld materiale, fargar og møblar. Samstundes er dei tilpassa krav til moderne komfort. Med den nybygde delen har hotellet stor kapasitet både på overnatting, kurs- og konferanse og selskap. Hotellet er framleis ein samlingsstad for laksefiskarar på jakt etter laksen i Gloppenelva. Hotellet har 20 hjorteløyver i Nordfjord og Sunnfjord til utleige.
Meir om Gloppen Hotell.

