Søk etter løype:





 
Gå tilbake til løype

Eide Gard

Søkjer du fred og ro, ei god seng for natta og heimelaga mat til frokost, finn du svaret på Eide Gard. Garden er eit restaurert vestlandstun frå 1800-talet med sjel, varme og tradisjon i veggene.

Eide Gard

Foto: Tove V. Bråthen

Her kan du kan oppleva det opphavlege Vestlandet. Frå Eide har du vakker utsikt over fjord og fjell, og for ikkje å gløyma den maleriske raudnande kveldshimmelen. Fornminne heilt frå steinalderen vitnar om at Eidegarden var ein stad der folk ferdast. I bronsealderen vart dei meir bufaste. Dei siste 150 åra har same familien budd på dette bruket. I tidlegare tider var Eldhuset hjarta i tunet. Slik er det i dag også. Med god mat, varme på grua og alle talgljos tende, er det få som klagar på stemninga.  Vedskjulet, eit grindahus, er gjort om til Gildeskål - eit lokale for små og store samkomer. Om du ønskjer ein tur til fjells, er det merka stig. I fjellvatnet kan du væta fiskesnøret eller berre la roa få lov å siga innover deg. For deg som søkjer kultur, natur og tradisjon, er Eide Gard staden.

Meir om Eide Gard.

Side-alternativer