Brenden Seter
Setra har vore i uavbroten, tradisjonell drift sidan tidleg 1600-tal, kanskje før. Dei eldste seterhusa er frå 1600-talet.
Selet med peisestove er frå 1727, og kan leigast for overnatting. Fleire kongar har vore i Lordalen, deriblant Olav den Heilage. Det er fire generasjonar på setra, 4 budeier og 1 budeirull. Brenden Seter har eige ysteri. Setermuseum i det gamle fjøset frå 1600-talet. Eit gamalt sel til er under restaurering. Ei av budeiene har matkulturstudiet og natur- og kulturturismestudiet. Ei anna er utdanna kokk. Den eldste budeia er registrert på Maihaugen som tradisjonsberar, og Maihaugen har laga to videoar med ho og hennar kunnskapar. Ho fekk Ildsjelprisen i 2004 frå Norges Vel for innsatsen sin innan matkultur. I 1948 kokte ho den Gudbrandsdalsosten som fekk gullmedalje på Verdsutstillinga. Salg av handverk og lokalprodusert mat som ost og rømme. Guida tur til natur- og kulturminne må tingast dagen før. Seterkurs. Små og store dyr, bl.a. killingar. Setra har rike mattradisjonar. Tradisjonsbakst.
Meir om Brenden Seter.

