Søk etter løype:





 
Gå tilbake til løype

Vestnorsk Fjordlandskap

— arkivert under:

Vestnorsk fjordlandskap vart i 2005 innskrive på UNESCOs verdsarvliste. Verdsarvområdet består av to delområde; Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet. Til saman med omgjevnader utgjer områda 1227 km2, der 107 km2 er sjøareal.

Vestnorsk Fjordlandskap

Geirangerfjorden, Vestnorsk Fjordlandskap

Innafor naturvitskapen vert dei to fjordområda rekna som klassiske døme på denne typen landskap. Med store høgdeskilnader og kort veg mellom sjø og høgfjell er naturmangfaldet

stort. Begge delområda er utan større tekniske inngrep. Dei naturlege geologiske prosessane knytt til danning og utvikling av fjordar er ikkje påverka av menneskeverk.

Samla har områda kvalitetar som gjer at dei er førte opp på UNESCO-lista over verdas kultur- og naturarv etter å ha oppfylt to av dei naturfaglege kriteria i konvensjonen.

I grunngjevinga for innskrivinga uttalte komiteen: Vestnorsk fjordlandskap er klassiske, framifrå velutvikla fjordar, og vert rekna for å vere typelokalitet for fjordlandskapa i verda. Storleiken og kvaliteten på desse fjordane kan samanliknast med andre fjordar på Verdsarvlista, og dei utmerkjer seg med sine klimatiske og geologiske tilhøve.

Området syner alle element av landformer knytt til dei indre delane av to av dei lengste og djupaste fjordane i verda.

Nærøyfjord- og Geirangerfjordområda vert rekna mellom dei framifrå vakraste fjordlandskapa på kloden. Deira unike naturvenleik kjem av dei tronge dalgangane med bratte krystallinske bergsider som strekkjer seg frå 500 m under vassflata til 1400 meters høgde over Norskehavet. Eit utal fossar kastar seg utfor dei stupbratte fjellveggane, medan talrike frie elver renn frå takkete fjell, brear og bresjøar, gjennom lauv- og barskog, og ned til fjorden. Eit stort mangfald av andre naturfenomen på land og i vatn med m.a. undersjøiske morenar og sjøpattedyr, forsterkar naturopplevinga.

Restar av eldre, no for det meste nedlagde gardsbruk og stølar, tilfører det dramatiske naturlandskapet ein kulturell dimensjon som utfyller og aukar den samla verdien av området.

 

Side-alternativer

Vestnorsk Fjordlandskap

Skrevet av Håvard Haraldson Hatløy den Jun 12, 2009 05:47 PM
Bildet er ikkje frå Nærøyfjorden, men frå Geirangerfjorden! Garden i framgrunnen er Skageflå, og på den andre sida kan ein sjå fossefallet "Dei sju systrene". Garden til høgre er Knivsflå.

Vestnorsk Fjordlandskap

Skrevet av dagny stuedahl den Jun 13, 2009 12:01 AM
takk for denne opplysningen - vi retter opp med en gang!