Søk etter løype:





 

Nordsjøløypa mellom Glesvær og Telavåg

Red Marker Nordsjøløypa mellom Glesvær og Telavåg
Denne løypa går gjennom eit av dei større urørde områda i kommunen. Med ein avstikkar frå hovudløypa kjem ein seg heilt ut i havgapet, der Shetland er neste stopp vestover.
60.2043693 5.0402495
  • Kulturhistorie
Denne løypa går gjennom eit av dei større urørde områda i kommunen. Med ein avstikkar frå hovudløypa kjem ein seg heilt ut i havgapet, der Shetland er neste stopp vestover.
Løypeinformasjon
2,5 - 3 timar i jevn gange utan pausar
Til fots
mellom 10 og 11 km
Perler i Nordsjøløypa, Guideservice, Nordsjøløypegruppa Ut mot Havet
Hordaland
Sund

Turen frå Glesnes kan starte på Handelsstaden Glesvær. (Til Glesnes kjem ein ved å ta av mot Glesvær frå RV 555 i Eidesjøen, ca. 12 km sør for Fjell.) Derifrå går ein langs vegen ein snau kilometer nordvestover til Golta. Her står ei orienteringstavle som fortel om Nordsjøløypa og litt om områda ikring. Løypa er merka med den karakteristiske blå N-logoen. Stien startar med å gå eit lite stykke austover og ned mot Litletjørna, før ein kjem opp på høgda vestover og går ned mot Hølen. På høgda er det fin utsikt, særleg vestover langs Goltasundet. Og her kjem ein inn på ein sti frå Glesnes gard, dette er den gamle ferdslevegen mellom Glesnes og Telavåg. I Hølen går stien forbi eit gamalt sauetøkje, langs ein steingard og på vestsida av Goltatjørna.

Nordover frå Goltatjørna går løypa forbi vestre del av Lauvatnet, i Vassvika, og opp til Øvre Løten. Her står det framleis att to telefonstolpar frå den første telefonlina, som følgde den gamle ferdslevegen gjennom utemarka. Terrenget er fritt for skog, men med lynghei og myrar. I myrane kan ein framleis sjå mange av torvhølane der dei tok torv til brensel i gamal tid.

Ein kjem til nye vatn: Stovevatnet og Sandviksvatnet/Grudnavågsvatnet, der ein passerer imellom på eidet. Vidare går ein gjennom ein opning i steingarden og opp ei kløfte i den elles bratte fjellveggen. Komen opp får ein eit fint utsyn før ein held fram mot botnen på Selstøvågen. I Selstøvågen står eit gamalt kvernhus, ei lita steinbu og eit sauetøkje. Litt lengre vest står to gamle fiskebuer. Kverna og buena var  dei einaste bygningane som stod att i Telavåg etter at heile bygda vart nedbrend under andre verdskrigen.

På Selstø møter ein bilveg, og ein følgjer den og tek til høgre i to kryss, før ein er oppe ved fylkesvegen som fører nordvest til Telavåg og til Museum Vest avd. Nordsjøfartmuseet.

Ein kan og gå ei ytre løype, vest for Goltatjørna, ved å følgja ein annan sti langs Goltasundet. Stien går i nærleiken av gamle fiskebuer i Goltasundet og ein kjem vidare helt ut i havgapet før ein held fram nordover og kjem inn att på Nordsjøløypa nord for Grudnavågen.

Kulturminne ved løypa: Selstøbuena, Selstøkverna, vassrenne av stein ned til kverna, steinhus, to sauetøkje, fiskebuer i Goltasundet, torvhøler, to gamle telefonstolpar.

Samarbeidspartnarar: Museum Vest avd. Nordsjøfartmuseet, Nordsjøløypegruppa Ut mot havet, Sund sogelag,  Sund kommune, Perler i Nordsjøløypa v. Guideservice.

Ordforklaring: Sauetøkje- oppsamlingsstad for sauer når dei vart henta heim att om hausten.

Kulturminner

Holmakaien Glesnes

Holmakaien Glesnes

På Holmakaien klar for tur i Nordsjøløypa

Les mer...

Nordsjøløype-merking

Nordsjøløype-merking

Løypa er merka med den blå Nordsjøløype-logoen

Les mer...

Utfordringar i naturen

Utfordringar i naturen

Løypa kan vera utfordrande

Les mer...

Goltasundet

Goltasundet

Nordsjøløypa ved Goltasundet

Les mer...

Selstøkverna

Selstøkverna

Oversiktsbilete over kverna og vassrenna av stein

Les mer...

Selstøbuena

Selstøbuena

Frå ein annan vinkel

Les mer...

Selstøbuena

Selstøbuena

Dei gamle fiskebuene ved Selstøvågen

Les mer...

Nordsjøfartsmuseet i Telavåg

Nordsjøfartsmuseet i Telavåg

Endestopp i løypa om ein startar frå Glesnes

Les mer...

Side-alternativer