Bygda Norddal - det gamle maktsenteret
-
Bygda Norddal - det gamle maktsenteret
- Norddal (Dalsbygda) har enno hovudkyrkja i prestegjeldet, men før var her prestegard, tingstad, ekseserplass, offiserar, lensmann, ordførarar, fylkesordførar, stortingsmann.
- 62.2557983236 7.23698616028
-
- Kulturhistorie
Vi startar vandringa ved kyrkja på Dale, der er det god parkeringsplass. Vi følgjer så bygdevegen attende langs sjøen og naustrekkja, forbi Kyrkjemyra til Storås Handel. Derifrå tar vi til på bygdevegen framover bygda.
Ved vegaskiftet til Dale tar vi av frå bygdevegen, går til venstre, forbi Fagervollen og opp bakkane til Dale. Ruta går her gjennom eit klyngjetun, og held fram på kjerreveg langs fjellfoten heilt fram til Fossheim, der vi kjem inn på bygdevegen att.
Vi passerer avkøyringa til Herdalen og går i staden over brua på Fossheim sørover til prestegarden. Vegen gå gjennom prestegardstunet, svingar vidare ned Holebakkane til Dalhus. Vi held fram på bilvegen langs elva på Rellingsida.
På Rellingen kjem vi ned til Petrines Gjestgiveri, som ligg på høgre side ved elva. Der det kan det godt passe med både kvile og matpause.
Frå Petrines er det ikkje langt å gå ned til bilvegen ved fjorden og brua som fører attende til kyrkja.
På denne bygdevandringa er det lagt inn skildringar av i alt 10 kulturminne, og Gudmund Relling har vore med på å gi informasjon om desse.
Kulturminner
Kyrkja på Dale
Dagens kyrkje som vart bygd i 1782, er ikkje berre uvanleg vakker, ho har også ei gåtefull forhistorie.
Kyrkjemyra
Om det er mykje som er skjedd i kyrkja opp gjennom tidene, så kan det ikkje måle seg med det som har skjedd her på Kyrkjemyra.
Tiendestabburet
Kai-området på Dalebøen er som eit bygdesenter som var enda meir markert før i tida, noko eit gammalt foto tydeleg viser.
Garden Dale
Denne garden gav opphav til nemninga Dale Skipreide som ein gong femnde om området for heile indre Storfjord.
Prestegarden
I over 300 år var prestegarden på Engeset. To av husa der er minst like gamle. Prestane har flytta ut, men bygdefolket har flytta inn.
Den første bygda som fekk straum
Tett ved vegen frå prestegarden ned mot Relling ligg Juaverket. Og lenger nede i dalen finst framleis huset til det endå eldre Skjervaverket.
Storbrannen på Dalhus
Først vart garden flytta på grunn av skredfare, så vart den flytta ein gong til, etter å ha blitt lagt i oske.
Petrine Hvidts Minde
Petrines Gjestgiveri - ein staseleg bygning som også er som ein ruvande bauta over ei spesiell kvinne.

