Søk etter løype:





 
Gå tilbake til løype

Sitjeåa - Fyresdal Bygdemuseum

Frå Teisner følgjer ein gangstigen over Sitjeåa og vidare til Hotellet og R355 med retur til Fyresdal Bygdemuseum.

 

I museumstunet finn vi bygningar som var vanlege på ein gard i Fyresdal på 1800-talet: Stogebygning, bur, loft, løe og stall. Fjøset manglar. Stoga frå Borgja er truleg frå slutten av 1500-talet. Dei to lofta er frå 1600-talet. Smie og badstoge var vanlege på gardane, men desse vart trekt vekk frå tunet på grunn av brannfaren. Andre bygningar er ei kvern og ei støylsbu. Bjørnstadstoga er frå 1600-talet og var i tidlegare tider nytta som tingstoge.Nede ved R355 ligg utstillingsbygget med ei rekke gjenstandar som er nytta av bygdefolket i ulike samanhangar.

 

Ei vandring opp Skippergata og ned Lensmannsgata

Hus nr. 1 Øystad, er i dag turistinformasjon og tilhøyrer Museet. Dette var

bustadhus, men der var og plass for hestar og syklar til bruk for tilreisande.

Hus nr. 2 var Fyresdal Handelslag som vart skipa i 1870.

Hus nr. 3 var bakeri som tilhøyrde Handelslaget. Bygget tilhøyrer Museet.

Hus nr. 4 er Folkestad. Her heldt smed og hovslagar Lars Folkestad til.

Hus nr. 5 er Åheim. Her budde Torgeir Lid som dreiv med stamping og farging av vadmål. Stampa stod i Sitjeåa.

Hus nr. 6 Olstad, var bustad for Olav Vadli. Han var kaptein på rutebåten

"Fyresdølen", og er mannen som Skippergata fekk namn etter.

Hus nr. 7 heiter Straume. Her budde postkøyraren Bjørgulv Larsson Li.

Hus nr. 8 er bedehuset Betel. Dette er bygt i 1891.

Hus nr. 9 er Åbø. Gunleik, som budde her, tok på seg arbeid på gardane i bygda.

Hus nr. 10 er Haugom. Her budde skomakaren Olav Vik.

Hus nr. 11 er Reine. Olav Olsen Reine var skomakar og sagmeister på Øyfoss Bruk.

Hus nr. 13 er Fossheim. Her budde Jørund Grundeson Berge. Han var både smed og byggmeister.

Hus nr. 12 er Fløystad. Olav Haugen, som budde der, var salmakar.

Hus nr. 14 er Folkevang. Her hadde lensmann Andreas Berge kontor og bustad. Av dette kjem namnet på gata, Lensmannsgata.

Hus nr. 15 er Ækra-Våland. Her hadde

Knut Knutson Skrede urmakarforretning.

Hus nr. 16 er Årtun. Her kom Fyresdal Hotell i 1913.

Side-alternativer