Øyskogen, gravfelt frå jernalderen, og Fyresdal Bygdemuseum
Dei 20 gravhaugane i Øyskogen er 950-2500 år gamle. Dei utgjer eit av dei største gravfelta frå jernalderen i Telemark. Dei enkelte haugane er gravminnner for anten kvinner eller menn. Dei 20 gravhaugane i Øyskogen er 950-2500 år gamle. Dei utgjer eit av dei største gravfelta frå jernalderen i Telemark. Dei enkelte haugane er gravminnner for anten kvinner eller menn.
Gravfeltet er i dag delt i to. Innafor steingjerdet ligg 14 gravhaugar av varierande storleik. På den andre sida av vegen ligg det seks gravhaugar, ein delvis øydelagd. Vegen og utbygginga av sentrum har truleg øydelagt fleira gravhaugar i området. Medan den ytre forma på gravminnet skulle bli sett av dei gjenlevande og framtidige generasjonar, var den indre delen av grava eit grenseland mellom dei levande si verd og og det hinsidige. Grava var staden den døde oppheldt seg, kvilte eller brukte som utgangspunkt for reisa til «den andre sida». Det var vanleg at den døde fekk med seg personleg utstyr i grava, slik som til dømes smykker og våpen. Dette var gjenstander folk brukte i kvardagslivet. Under bygginga av Folkestadbyen på slutten av 1800- talet kom det fram ulike gjenstandar som pilspissar, bissel, ei urne, perler, vekt og anna. I nyare tid har det kom fra eit sverd og ei øks frå vikingtida (ca. 800-1050e.kr.). Det har og vorte funne ein spydspiss av jern frå vikingtida på prestegarden rett i nærleiken. Alle desse funna har truleg tilhøyrt graver som kan ha vore ein del av gravfeltet i Øyskogen.
I museumstunet finn vi bygningar som var vanlege på ein gard i Fyresdal på 1800-talet: Stogebygning, bur, loft, løe og stall. Fjøset manglar. Stoga frå Borgja er truleg frå slutten av 1500-talet. Dei to lofta er frå 1600-talet.Smie og badstoge var vanlege på gardane, men desse vart trekt vekk frå tunet på grunn av brannfaren. Andre bygningar er ei kvern og ei støylsbu.Bjørnstadstoga er frå 1600-talet og var i tidlegare tider nytta som tingstoge.Nede ved R355 ligg utstillingsbygget med ei rekke gjenstandar som er nytta av bygdefolket i ulike saman¬hangar.

