Munkehola
Ved Saukro er det kort veg oppom Munkehola. Hola er eit minne om siste istid då vasshøgda i Fyresvatn var fleire meter høgare enn i dag. Byljeslag og frostsprenging av is har grave ut hola. Segner i Fyresdal seier at munkar i katolsk tid måtte røme frå garden Moghus for å gøyme seg der, men ein har ikkje skriftleg dokumentasjon som stadfester dette.
Hola i ellet er laga av byljeslag og frostsprenging i samband med at strandlina var høgare ved slutten av siste istida. Bergartane her var nok lettare nedbrytelege og sprekksystem i ellet gjorde sitt til å utforme hola. Til hola knyter det seg ei segn som går attende til overgangen frå katolsk til protestantisk tid, rundt reformasjonen i 1537. Nokre munkar som hadde tilhald på garden Moghus måtte røme og gøymde seg i hola. Området i lia mellom Munkhola og Saukro har tidlegare vore nytta som jordbruksmark. Dette hekk nok saman med at dette var kalkrik sørvendt mark. Ein har funne restar etter ein potetkjellar i den bratte lia.

