Moland Kyrkje og prestegard
Frå Museet og Øyskogen kryssar ein R355 og følgjer lokalvegen ned til Moland Kyrkje. På høgre hand ser ein den verneverdige potekjellaren som tilhøyrer Museet. På venstre hand, Moland, prestegarden i Fyresdal.
På noverande kyrkjestad har det truleg vore kyrkjer sidan 1300-talet. Fyrste kyrkja var ei stavkyrkje som vart erstatta av ei korskyrkje i 1665. Ein bjelke frå denne kyrkja er å sjå i den noverande kyrkja og har følgjande tekst: “DENNE KIRCKE BLEF BYCKET ANNO CHRISTI 1665 J. H. S.” Sommaren 1835 tok nordvesten, ”Jordalsvinden,” tårnet, som var i dårleg stand på grunn av manglande vedlikehald. Kyrkja vart nedrive sommaren 1841. Noverande kyrkje vart innvigd av biskop von der Lippe 2. juli 1843. Kyrkja var oppført etter ei typeteikning av den vidkjente arkitekten Hans Ditlev Frantz Linstow, som vart mest kjent som arkitekt for Oslo slott. Kyrkja vart bygt utan tårn av respekt for dei harde vindkasta på staden.

