Gå tilbake til løype
Gravhauger og gravrøys
Ved hjørnet av parkeringsplassen ved Juni Bryggekaféen er det restar etter 3 gravhaugar og ei gravrøys, alle frå jarnalderen. Gravminna er freda etter kulturminnelova.
I området som er planera i samband med parkeringsplassen er det funne restar etter 3 gravhaugar og ei gravrøys som er 950 - 2500 år gamle. Gravminna ligg innafor eit område av Fyresdal med uvanleg mange gravminne frå jernalderen.

