Folkestadbyen
Frå 1870-åra og framover danna det seg ein ”landsby” på delar av Århus og Preste-garden i Fyresdal. I tida rundt 1900 budde det 129 menneske i 25 bustader i ”byen”. I ”byen” levde dei av å produsere tenester for andre. Her budde det skogs¬arbeidarar, skreddarar, skomakarar, smedar, ein bakar, urmakar, blekkslagar, postkøyrar, jordmor, folk som arbeidde på rutebåten, handelsmenn m. fl. Tett¬staden har vakse fram etter som folk har flytt til. Dei kom frå gardane og grendene i bygda. Dei tok med seg husa sine, sette opp uthus og laga ein hage rundt. Dei ordna seg så tett langsetter vegane at vegane blei kalla gater. Denne strukturen av ein hageby har Fyresdal sentrum ennå. Det er dette som er særskild med Folkestadbyen samanlikna med andre bygder.

