Søk etter løype:





 

Moland kulturminneløype

Kulturminneløypa har sitt utgangspunkt i Turistinformasjonen. Her kan ein velje om ein vil gå heile løypa (Folkestadbyen + rundløypa om Saukro og Bryggjeparken), eller berre gå ei av sløyfene. Heile turen tek i underkant av ein time å gå i alminneleg turtempo. Turen stiller ikkje særlege krav til fottøy.
Løypeinformasjon
en times tid
Til fots
Fyresdal kommune
Telemark
Fyresdal
Lars Veum

Kulturminner

Folkestadbyen

Folkestadbyen

Frå 1870-åra og framover danna det seg ein ”landsby” på delar av Århus og Preste-garden i Fyresdal. I tida rundt 1900 budde det 129 menneske i 25 bustader i ”byen”. I ”byen” levde dei av å produsere tenester for andre. Her budde det skogs¬arbeidarar, skreddarar, skomakarar, smedar, ein bakar, urmakar, blekkslagar, postkøyrar, jordmor, folk som arbeidde på rutebåten, handelsmenn m. fl. Tett¬staden har vakse fram etter som folk har flytt til. Dei kom frå gardane og grendene i bygda. Dei tok med seg husa sine, sette opp uthus og laga ein hage rundt. Dei ordna seg så tett langsetter vegane at vegane blei kalla gater. Denne strukturen av ein hageby har Fyresdal sentrum ennå. Det er dette som er særskild med Folkestadbyen samanlikna med andre bygder.

Les mer...

Øyskogen, gravfelt frå jernalderen, og Fyresdal Bygdemuseum

Øyskogen, gravfelt frå jernalderen, og Fyresdal Bygdemuseum

Dei 20 gravhaugane i Øyskogen er 950-2500 år gamle. Dei utgjer eit av dei største gravfelta frå jernalderen i Telemark. Dei enkelte haugane er gravminnner for anten kvinner eller menn. Dei 20 gravhaugane i Øyskogen er 950-2500 år gamle. Dei utgjer eit av dei største gravfelta frå jernalderen i Telemark. Dei enkelte haugane er gravminnner for anten kvinner eller menn.

Les mer...

Moland Kyrkje og prestegard

Moland Kyrkje og prestegard

Frå Museet og Øyskogen kryssar ein R355 og følgjer lokalvegen ned til Moland Kyrkje. På høgre hand ser ein den verneverdige potekjellaren som tilhøyrer Museet. På venstre hand, Moland, prestegarden i Fyresdal.

Les mer...

Gravhaug frå jarnalderen

Gravhaug frå jarnalderen

Ved inngangen til Moland kyrkje (bygd 1843) ligg ein litt skada gravhaug frå jarnalderen 500 f.kr. - 1050 e.kr.. Haugen er freda etter kulturminnelova.

Les mer...

Klokkargarden

Klokkargarden

Turen går vidare mot Klokkargarden (bygd 1777), den fyrste faste skulestaden i Fyresdal. På høgre side ligg den nye kyrkjegarden i Fyresdal.

Les mer...

Munkehola

Munkehola

Ved Saukro er det kort veg oppom Munkehola. Hola er eit minne om siste istid då vasshøgda i Fyresvatn var fleire meter høgare enn i dag. Byljeslag og frostsprenging av is har grave ut hola. Segner i Fyresdal seier at munkar i katolsk tid måtte røme frå garden Moghus for å gøyme seg der, men ein har ikkje skriftleg dokumentasjon som stadfester dette.

Les mer...

Jarnvinneanlegg frå jarnalder/middelalder

Jarnvinneanlegg frå jarnalder/middelalder

På Prestestranda er det gjort funn av slagg som dokumenterar at det har vore 2 jarnvinneanlegg her i yngre jarnalder/middel-alder. Desse er freda etter kulturminnelova

Les mer...

Gravhauger og gravrøys

Gravhauger og gravrøys

Ved hjørnet av parkeringsplassen ved Juni Bryggekaféen er det restar etter 3 gravhaugar og ei gravrøys, alle frå jarnalderen. Gravminna er freda etter kulturminnelova.

Les mer...

Prestebryggja og Bryggjeparken

Prestebryggja og Bryggjeparken

På vegen vidare passerar ein Prestebryggja og Bryggjeparken som er tilrettelagt med bade- og rasteplass

Les mer...

Presteevja og fløytingsbåten Teisner

Presteevja og fløytingsbåten Teisner

Ved Presteevja ligg den gamle fløytingsbåten Teisner "i dokk". Båten vart opphavleg kjøpt inn i 1876 og vart døypt DS Fyrisdal. Båten gjekk som passasjer- og fløytingsbåt på Fyresvatn. Den vart bygd på Akers Mek. Verksted, frakta i delar og vart satt saman i Fyresdal. I 1913 vart den bygt om og fekk namnet MB Teisner og vart nytta som fløytingsbåt fram til tømmerfløytinga i Arendalsvassdraget vart nedlagt rundt 1971

Les mer...

Sitjeåa - Fyresdal Bygdemuseum

Sitjeåa - Fyresdal Bygdemuseum

Frå Teisner følgjer ein gangstigen over Sitjeåa og vidare til Hotellet og R355 med retur til Fyresdal Bygdemuseum.

Les mer...

Side-alternativer