Søk etter løype:





 
Gå tilbake til løype

Meir informasjon

I boka "Fabrikkbyane i Hardanger" (Nord4, 2011) gjev Eva Røyrane deg ei grundig og levande innføring i byutviklinga i Odda. Vil du lesa meir om område og gatenamn, kan du ha glede av boka "Vandring i gammal og ny tid" av Norvald Vethe, Odda Mållag 1999. "Anna frå Brotateigen" fortel og lokalhistorie på ein levande måte. Og vil du lesa meir om Oddas historie og kanskje handla bøker, finn du meir på Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (NVIM) sine nettsider her. Eller i Olav Kolltveit sine bygdebøker om Odda, Ullensvang, Kinsarvik der mange av opplysningane er henta frå. Odda bibliotek har og stor lokalsamling.

Verdiar forankra i kunnskap
Kunnskap om eit kulturminne gjer at det ofte får større verdi for oss. Og kunnskap kan igjen vera til inspirasjon og gje ei kjensle av identitet eller å høyra til.

Odda er ein småby det er vel verd å bli kjend med. Den arkitektoniske stilen har variert i takt med trendar eller stilretningar gjennom meir enn hundre år, og slik er Odda ei fin lærebok om arkitektur også.

Side-alternativer