Hovlandshuset, Eitrheimsvegen 20
"Lunt i ly av trauste fjelle, Odda by er lagt" står det i Oddasongen. Men kva har det med dette huset å gjera?
Dette er eit typisk hus for sveitserstilen i Odda sentrum. Det har listverk og pynt i kontrastfargar og det merker seg ekstra godt ut med knekt hjørne og møne, - nesten som eit tårn, på det mest framtredande hjørnet. Sveitserstilen har sett sitt tydelege preg på mange småbyar vi kan samanlikna med, m.a. Haugesund.
I dag finn vi Bjørg Frisørsalong bak hoveddøra her og Vinmonopolet ligg i nabohuset. Men Eitrheimsvegen 20 er bygd i 1909 av ein privatperson og forretningsdrivande i Odda, Martin Hovland. Hovland og kona Barbro dreiv garveri. Eigedomen har gardsnr 62, bruksnr 3 i Odda kommune. Alle hus som har gardnr 62 ligg på mark som har tilhøyrt garden Bakke.
Utleigehus
I huset var det fleire leilegheiter og kontor for utleige. Utleige kunne vera god butikk i tider med mangel på hus. Første tida heldt Odda tollkontor til i bygget. Tollvesenet leigde kontor og leilegheit av Hovland. Seinare er huset mest kjent som "Angunna-huset". Namnet fekk det etter Angunna Tveit som dreiv butikk med tekstiler og sytilbehør i mange ti-år før det blei frisørsalong i same lokalet. I underetasjen dreiv Olav Lægreid og etterkomarane Ivar og Inge i ei årrekke lager og engros-firma for matvarer, kaffi og anna som skulle rundt til dei mange små kolonialbutikkane som var i Odda.
Tollkontoret i Odda var underlagt Bergen tollstad dei første åra fram til 1913. Haakon Lütken var tollbetjent her. i Folketellinga frå 1910 finn vi han oppført som buande i 2. etasje i huset. Han var født den 17. mai 1882.
Kanskje har Haakon Lütken blitt ekstra inspirert av å ha fødselsdag på sjølvaste nasjonaldagen? I alle fall er det han som skreiv teksten til Odda- songen. Første gong vi har funne songen på trykk er i heftet for FESTLIGHETERNE I ODDA 17de MAI 1914. Sangen heitte Sang til Odda og melodien var Ja, vi elsker dette landet. Seinare, truleg i 1929, fekk Odda- songen eigen melodi skriven av Andreas L. Eide.
17. maifeiring i eigen kommune
Odda blei ein sjølvstendig kommune frå juli 1913. Tidlegare var vi berre eit sokn og eigen bygningskommune i Ullensvang herad. 17. mai 1914 var første gong Odda feira dagen som eigen kommune. Det sette ein ekstra spiss på dagen med nyskriven song, - Odda-songen. Om Lütken var i Odda på dagen, veit vi ikkje, for på den tid var Odda oppretta som eigen tollstad og ny tollar var tilsett.
<!-- /* Font Definitions */ @font-face {font-family:"Times New \(W1\)"; panose-1:2 2 6 3 5 4 5 2 3 4; mso-font-charset:0; mso-generic-font-family:roman; mso-font-pitch:variable; mso-font-signature:536902279 -2147483648 8 0 511 0;} /* Style Definitions */ p.MsoNormal, li.MsoNormal, div.MsoNormal {mso-style-parent:""; margin:0cm; margin-bottom:.0001pt; mso-pagination:widow-orphan; font-size:12.0pt; font-family:"Times New Roman"; mso-fareast-font-family:"Times New Roman"; mso-ansi-language:NO-NYN;} @page Section1 {size:612.0pt 792.0pt; margin:70.85pt 70.85pt 70.85pt 70.85pt; mso-header-margin:35.4pt; mso-footer-margin:35.4pt; mso-paper-source:0;} div.Section1 {page:Section1;} -->

