Søk etter løype:





 

Langs farleg strand

Sjøredningshistorie i Hå. Vandring frå Friluftsfyret Kvassheim, over Brusanden til Varden Sjøredningsmuseum.
Løypeinformasjon
Til fots
6,5
Hå kommune
Rogaland

For dei sjøfarande har Jærkysten vore ein utrygg og farleg stad opp gjennom tidene. På denne havstrekninga får vind og ver herja fritt. Saman med sterke straumar gjer dette strekninga til ei av dei farlegaste i Europa. Særleg utsette stader var Kvalbein og Raunen. Kom skipa fyrst inn i grunnbrota der, vart dei oftast knuste til pinneved.

22. april 1852 vart det ved Kongeleg Resolusjon bestemt at det skulle opprettast redningsstasjonar på dei mest utsette stadene langs kysten, dvs. Lista og Jæren. Fyrdirektøren fekk ansvaret og bestemte kvar dei skulle leggjast. I Hå vart det oppretta redningsstasjonar på Kvalbein/Raunen, Husveg og Obrestad.

Turløypa "Langs farleg strand" tek utgangspunkt i Friluftsfyret Kvassheim og går sørover langs stranda forbi "Det kvite naustet", der redningsbåten "Tryg" låg. Vidare over Brusanden til Varden sjøredningsmuseum, der ein kan sjå "Tryg" og ulikt utstyr frå redningsarbeidet.

Det er høve til parkering for bil ved Friluftsfyret Kvassheim, Parkeringsplass ved Rv.44 på Brusand og i Varden ved Ogna Camping.

Ein kan og koma til løypa med tog til Brusand stasjon.

Kulturminner

Friluftsfyret Kvassheim

Friluftsfyret Kvassheim

Kvassheim fyrstasjon, bygd i 1912. Overteke av Jæren Friluftsråd i 2002 og restaurert som Friluftsfyret Kvassheim

Les mer...

Redningsstasjonen på Kvalbeinstranda

Redningsstasjonen på Kvalbeinstranda

"Det kvite naustet". Naustet på Kvalbeinstranda der redningsbåten "Tryg" var stasjonert. I 1891 vart Norsk Selskap til Skipbrudnes Redning (NSSR) oppretta. Kvinneforeninga deira i Stavanger samla inn pengar til redningsbåten "Tryg" som vart stasjonert på Kvalbeinstranda i 1894. Dette er ein flatbotna "surfebåt", spesialkonstruert for å kunna gå ut på sandbotn. Han stod difor støtt på sanden mellom dønningane.

Les mer...

Holmestø - Båtstø og naust

Holmestø - Båtstø og naust

Etter storleiken på nausta var dei vanlege bruksbåtane på gardane åttringar, seksæringar eller færingar. Det blei som regel rydda ei stø i fjæra der ein drog båtane opp på land for kvar gong. Av den grunn er det stort sett berre små, lette og udekka båtar som har vore i bruk gjennom tidene.

Les mer...

Nordhavet

Nordhavet

Utanfor, i vest, bryt havet på mot ei sju milir lang og låg sandstrand. Det er sjølve havet. Nordhavet, breitt og fritt, ukløyvd og utøymt, endelaust. Svartgrønt og salt kjem det i veldig rulling veltande inn or dei vestlege himlar, drivi av storstormane frå Nordisen og Kanalen; køyrande sine fakskvite brimhestar fram or havskodda, so skumskavlen stend, durande sin djupe æveheims orgetone frå dei ytste avgrunnar. So støyper dei seg mot strandi og kraser deg sund i kvit foss, med dunkt og dyn og lange brak, døyande burt i døyvt dunder. Frå "Fred", Arne Garborg

Les mer...

Varden sjøredningsmuseum

Varden sjøredningsmuseum

Frå midten av 1800-talet blei det arbeidd for å skaffa redningsutstyr til Jærkysten. Dette blei opptakten til sjøredningsstasjonane. Varden sjøredningsmuseum ligg på området til Ogna Camping, ved R-44. Museet vart åpna i 1977 for å dokumentera utstyret til redningsstasjonane på Jæren.

Les mer...

På tur langs stranda - gode ferdselsreglar i strandsona

På tur langs stranda - gode ferdselsreglar i strandsona

Strendene i Hå er del av landskapsvernområde, plantevernområde og fuglefredningsområde. Detaljerte kart over dei ulike vernesonene kan finnast hjå Fylkesmannen i Rogaland Stranda er full av små og store freda fornminne. Sjølv om nokre av fornmina kan sjå små ut, inneheld dei mykje informasjon, og må difor ikkje rørast. Fornminna er verna under Kulturminnelova.

Les mer...

Side-alternativer