Silhuset - eit dagliglivets kulturminne i sætermarka
Silhuset eller silinga er det lokale namnet på små innretningar bygd for avkjøling av mjølk før separering eller levering til meieri.
Det som ein gang var eit silhus på Langlandsvollen ved Riasten. Ein ser restar etter stokkar på tverrendane. Bildet er tatt i 2007. foto: Kristin Klepp
Av Aud Mikkelsen Tretvik og Leif Bårdstu
Eldre metodar for avkjøling av mjølka var bruk av masstu som var laftahus utan dagslysopningar og med jordgolv og torvtak, eller jordmasstu som var greve inn i bakken. Dette gav brukbar temperatur for oppbevaring av mjølka. Like fullt kunne det vere problem med avkjøling av mjølka mange stader om sommaren.
Namnet silhus har fleire mulige tolkingar. To av tolkingane er knytt til handtering av mjølka og ei tredje til vassføringa. Ei rimelig tolking er at silhus var eit hus for nysila mjølk, altså ei samantrekning av fleire ord. Ei anna tolking kan vere plassen der fløyten vart sila av, før separatoren vart tatt i bruk. Den tredje mulige tolkinga kan vere sile i betydinga renne sakte, sildre, som karakteristikk av vassføringa på staden der silhuset vart bygd.
Ein føresetnad for silhuset var vassforsyning. Det vart gjerne bygd ved eit oppkomme som hadde kaldare og sikrare vasstilførsel enn ein bekk. Det vart laga ei lita demning og anlagt med flat botn, gjerne med steinhellar for å få mjølkebøttene til å stå stødig. Spannet kunne sikrast med ein trestokk gjennom hanken eller med vekt oppå. Over dette vart det enten bygd eit enkelt, lite hus med skråveggar som tak, eller noko større med både veggar og tak.
Det spela mindre rolle om det låg eit stykke frå fjøset slik at budeia måtte gå langt med mjølkespanna. Sinkspann vart òg utbreidd på same tid, og dei var enklare å bere og betre eigna som mjølkespann i vasskjølinga enn trebøtter.
Restar etter kjøling ved Unsgardsvollen (no Eklo-hytta) i Kjellingdalen. Det er fint steinsett i botnen og rundt kantane. Ei vassåre kjem rett ut i kjølinga. Det er inga spor etter overbygg, men det har vore eit lokk over, og da må det ha lege ei stokkrekke rundt. Denne vollen tilhøyrde tidligare Støvne. Det er mulig at Anders Støvne stod for anlegget av den første kjølinga her. Bildet er tatt i 2007
Foto: Leif Bårdstu”Koldtvandsmetoden”
Amtsagronom John A. Bruseth introduserte den såkalla ”koldtvandsmetoden” i 1868. Den gjekk ut på å plassere mjølkebunkane i kaldt vatn under fløyteavsetninga for å hindre surning. Surning av mjølka før ein kunne ta av fløyten hadde vore eit problem for vidareforedlinga. Denne kaldvassmetoden er bakgrunnen for at slike kjøleinnretningar som silhus vart bygd. Metoden førte til stor betring av både utbytte og kvalitet.
Bakgrunnen for å prøve og innføre denne metoden var den større satsinga på februk og mjølkeproduksjon innafor landbruket, innsikt i behovet for betre hygiene i alle ledd av produksjonen og generelt sett større marknadsorientering i landbruket.
Det var i det heile store omskiftingar i norsk landbruk frå midten av 1800-åra, ikkje minst i husdyrhaldet, og alle dei viktige utviklingstrekka gjorde seg gjeldande i Ålen. Det var snakk om nye ferasar, betre vinterfôring, fôrdyrking, kraftfôr og meir intensiv mjølkeproduksjon. Mjølkeproduksjonen er nært knytt til utviklinga av meieribruket. Det kom inn fagfolk som dreiv opplæring og rettleiing. Som ledd i den offentlige rettleiingstenesta vart det tilsett statsagronomar og amtsagronomar, og det var i eigenskap av offentlig tenestemann med landbruksrettleiing som oppgåve at agronom Bruseth prøvde å innføre denne kjølemetoden.
Hygienetiltaka innafor mjølkestellet må ein sjå på bakgrunn av allment auka merksemd om reinsligheit og sjukdomsførebyggande tiltak frå midten av 1800-talet. Sunnheitskommisjonane vart innført i kvart herad i 1860, ein fekk etter kvart innsikt i mikrobiologi, sjukdomsspreiing og sjukdomsførebygging, og det vart meir fokus på både personlig og offentlig hygiene. Reinsligheit i handtering av matvarer vart da også viktig.
Viss ein berre dreiv matproduksjon som sjølvforsyning, ramma det berre eigen husstand om produkta var dårlige. Men når ein starta å organisere seg for å levere mjølkeprodukt til ein marknad utafor det lokale, var ikkje mjølkehandteringa lenger ein privatsak, men eit felles ansvar. Det vart desto viktigare med god hygiene i krøter- og mjølkestellet, og god hygiene i mjølkestellet innebar at mjølka skulle silast godt og kjølast raskt ned. Når mjølka vart levert til meieri, innebar det også at mjølka vart eit ansikt mot omverda som gjenspeilte forholda på den enkelte garden.
Mjølk og marknad
Den større satsinga på februk som var marknadsretta, eigna seg godt i ei fjellbygd som Ålen, med vidstrakte beiteområde, men dårligare forhold for korndyrking. I 1860 vart det stifta sokneselskap som dreiv med landbruksfremjande tiltak, i 1868 fekk Marie Reitan vere elev i det første kullet på meieriskolen på Reinsklosteret, og i 1871 vart Aalens Meieriforening starta som eit samvirketiltak for smørproduksjon. Satsingane lykkast godt, og Ålen fekk på slutten av 1800-talet ord på seg for å stå langt framme i krøterstellet.
Smørlaget var eit marknadsretta tiltak, og det same må ein seie at kaldvassmetoden var. Kaldvassmetoden var saman med oppfinninga av separatoren viktige teknologiske nyvinningar som del av landbrukets modernisering i andre halvdel av 1800-talet. Dei vart introdusert med ca. 15 års mellomrom, og det er grunn til å tru at kjølemetoden vart tatt i bruk før separatoren. Ein kan altså tenke seg at det vart bygd silhus i sætermarka allereie først i 1870-åra, mens separatoren kom i bruk først i 1880- og 1890-åra.
Korvidt amtsagronom Bruseth hadde konkrete forslag til utforming av kjøleanlegg for mjølka når han introduserte kaldvassmetoden, har vi ikkje klart å ta greie på. Det er uansett grunn til å tru at folk prøvde seg fram med ulike løysingar ut frå dei lokale forholda med omsyn til vassforsyning og terreng. Det er også grunn til å tru at dei som var lengst framme i krøteravl og mjølkeproduksjon var føregangsfolk når det gjaldt å byggje slike kjøleinnretningar. Dei som var med i Aalens Meieriforeining frå 1871, sørgja sikkert for å få god kvalitet på mjølka ved kjøling før vidareforedling. Anders Støvne som var ein føregangsmann i husdyrbruket og den drivande krafta i meieriforeininga, var sikkert blant dei første som følgde amtsagronom Bruseth sitt råd.
Den neste nyvinninga var separatoren som utan tvil var viktig. Han førde til litt av ein revolusjon i handsaming av mjølka. Han var lett å bruke og skumma fløyten raskare og med høgare kvalitet enn handskumming. Ein fekk redusert feittprosenten i mjølka heilt ned til 0,1 prosent. Separatoren er halde fram som den viktigaste av dei to oppfinningane, men ein må likevel ikkje gløyme at kjøleteknologien var ein nødvendig føresetnad for god kvalitet på mjølka. Utan kjøling ville ein ha fått problem med avsetning av dei foredla produkta som igjen ville ha ført til manglande salsinntekter og dårligare gards- og landbruksøkonomi i det heile.
Kor opptatt enkelte i samtida var av dei siste nyvinningane innafor landbruket, kjem fram gjennom brev som stortingsmann Jon Reitan skreiv til dei heime på garden. I 1883 var han ivrig etter å få folk heimafrå til å komme til Kristiania for å sjå ei utstilling, der det mellom anna var framsyning av den nye oppfinninga separator:
«I gaar Kveld var jeg og Knudsen samt enda en Trondhjemmer, som heder Mekkelsen paa Udstillingen og saa mange haande rare Ting, blant andet elektrisk Lys, der er overhændig pent; vakker Musik hver Kveld. I midten av denne Maaned skal ogsaa Meieriredskaber udstilles, blant andet et Redskab til at røre i Møsmørkjelen med samt et Redskab til at tage Rømmen udav Melken uden at sile og uden at lade den staa. Dette Redskab (”Sentrifuge” kaldes det) ser man allerede i Virksomhed mellem Kl. 1 og 3 hver Dag. Jeg tror at et Par Aalbygger eller endog flere vilde faa stor nytte av at reise hid; her kjærnes, her arbeides Smøret paa en anden og ny Maade; alle mulige Redskaber er at faa se. (Brev dat. Kristiania 4. sept. 1883)»
Stortingsmann Jon Reitan
Jon Reitan tok også greie på smørprisane i hovudstaden, og det ser ut til at han var veldig opptatt av avsetning av smør frå heimbygda til gode prisar. I eit brev han skriv frå hovudstaden 15. september fortel han om kva prisar dei betaler for smøret der. Alminnelig smør gjekk for ein pris av 53 øre. Ein handelsmann i Torggata betalte to kroner kiloet, men fraktkostnadane kom til frådrag. Kona Berit fekk beskjed om å fortelje det til Anders Støvne. Støvne som stod i spissen for smørforeininga, var vel den første som burde bli orientert om marknadsforholda i hovudstaden.
I likheit med at dei tok i bruk kaldvassmetoden, skaffa nok føregangsfolka seg separator ganske snart, og i 1895 vart foredlinga organisert i større skala. Da vart Aalens Dampmeieri starta som eit andelsmeieri. Meieriet hadde separator med damp. Samstundes vart det kjerna smør i seks smørforeiningar. Dei kjerna smøret heime, møttest i eit felles lokale og elta alt smøret saman og la det ned i større koppar for å sende det til marknaden.
Den innanlandske omsetninga hadde komme i gang i 1870-åra, og etter kvart kom det også i gang eksport av smør som vart betydelig. Det gjaldt i Ålen og det gjaldt på landsbasis. Smøreksporten frå Noreg nådde ein topp i 1911. Han utgjorde da ca. fire prosent av den totale mjølkeproduksjonen på landsbasis, men ein forholdsvis større del i fjellbygdene med liten marknad for konsummjølk. Smøreksporten vart utgangspunkt for regionale samarbeidstiltak. I vår region vart Trøndelagens Smøreksportforening etablert i 1905. Smøreksporten representerte det største mjølkevolumet som vart eksportert fram til 1. verdskrigen, men økonomisk sett var eksport av kondensert og sterilisert mjølk like viktig frå 1890-talet fram til 1917.
Det blir hevda av økonomihistorikaran Espeli at mjølkeproduksjonens eksportorientering fram til 1914-16 var ei sentral drivkraft og føresetnad for jordbrukets modernisering frå kring 1880 og framover. Det må forståast slik at det som dreiv fram at nyvinningar som kaldvassmetoden og separatoren vart tatt i bruk, var etterspurnad på ein utanlandsk marknad. For Ålens del må ein seie at det både var den innanlandske så vel som den utanlandske marknaden som var drivfjæra i utviklinga. Det er i alle fall tydelig at ein stor del av bøndene i Ålen var salgsorientert i februket.
Kvifor silhuset som kulturminne?
Kulturminneåret 2009 har fokus på dagliglivets kulturminne. Silhuset er eitt av desse minna frå det daglige strevet og dei verdiane det skapte. Desse minna er sjeldan storslåtte eller oppsiktsvekkande på nokon måte, men betydinga av dei var likevel stor. Det gjeld også silhuset.
I materiell forstand utgjer silhusa berre små kulturspor i landskapet; ein legg knapt merke til desse vesle husa når ein går i terrenget. Sidan dei for lengst er gått ut av bruk, står dei i dag til forfall mange stader. Bygget kan ha ramla saman, andre stader er sjølve huset borte, og ein ser berre demninga som er att. Nokre stader er demninga også øydelagt og/eller steinane i botnen kanskje fjerna. Det er berre unntaksvis at silhuset er sett i stand. Dei kan sjølvsagt også vere fjerna for å gi plass for veg eller anna byggeri.
Sjølv om dei fysiske spora er ubetydelige, er det viktig å hugse at silhuset var ei sentral og nødvendig innretning i samband med landbrukets modernisering og auka marknadsorientering frå kring midten av 1800-talet og framover. Ein bør sjå på silhuset som eit viktig fysisk kulturminne som representerer denne fasen i vår landbrukshistorie. Gjenstandar med nær tilknyting til silhuset er børtreet eller vasstreet, separatoren og smørkinna. Det førstnemnde hang bestandig attmed ytterdøra eller fjøsdøra.
Det knyter seg også immaterielle minne – stadnamn og andre nemningar, tradisjon og enkeltpersonars livsminne – til silhuset. Framleis er det namn på nokre av desse plassane som minner om tidligare bruk, og framleis er det folk som kan fortelje om den tidligare bruken. Det gjer at silhuset står fram som ein god og verdig representant for dagliglivet i gards- og sæterbruket.
I Kulturminneåret 2009 kan ein nytte høvet til å gå den kulturminneløypa som er plotta inn på vedlagte kart. Ved hjelp av bakgrunnsinformasjonen i denne artikkelen kan ein prøve å lese nokre av spora i landskapet frå tidligare tiders dagligliv.
Kjelder og litteratur:
Brevsamling etter stortingsmann Jon Jørgensen Reitan.
Espeli, Harald mfl. 2006: Melkens pris – perspektiver på meierisamvirkets historie. Oslo.
Helland, Amund 1898: Norges land og folk. Topgrafisk-statistisk beskrevet. XVI Søndre Trondhjems Amt. Kristiania.
Israelsson, Carin 2005: Kor och människor. Nötkreatursskötsel och besättningsstorlekar på torp och herrgårdar 1850-1914. Gidlunds förlag, Hedemora.
Oterholm, Bjarne 2005: ”Gamle norske melkeprodukter”, i Jord og gjerning. Årbok for Norsk Landbruksmuseum. Oslo, s. 53-74.
Syrstad, Ola 1996: ”Mjølkeproduksjonen i Noreg 1840-1940”, i Jord og gjerning. Årbok for Norsk Landbruksmuseum 1994/95. Oslo, s. 50-55.
Tretvik, Aud Mikkelsen m.fl. 2005: Grenda blir global 1850 til 2005. Trøndelags historie bind 3. Trondheim.

