Skarsvegen - nasjonalt verneverdig vegminne
VEGFAR FRÅ FØRHISTORISK TID “Novembernatten hænger om Aasen tyk og tæt, - jeg rider over Skaret baade læmster og træt. – Hesten styltrer fremad mellem Kampesteten og Svold, - Tvivlraadig om den kommer frem med Benet i Behold.” Slik skildra den kjende diktarpresten M. B. Landstad (1802 - 1880) ei reise langs Skarsvegen i 1840-åra. Han var prest i Seljord frå 1839 til 1849. Mange prestar har som han fare Skarsvegen saman med både fut og fant.
Skarsvegen var truleg ein av dei eldgamle vegfara som fangstfolk frå Aust-Telemark nytta for å kome seg til og frå Hardangervidda. Fjellbygdene hadde gode bytemiddel i kjøt, pelsverk og myrmalm. I Svartdals- og Åmotsdalsheiane er det mange spor etter myrmalmbrenning. Dette var grunnlag for mykje bytehandel mellom øvre og nedre Telemark, og ein del av denne trafikken gjekk over Skaret.
Det er funne steinalderpil på Nord-Skaret. Tunnvegga dekorert keramikk og glasbeger frå Rhinen mm. er funne i ei hustuft på Mogen ved Møsvatn. Desse er tidfesta til 500-talet og syner fast busetnad med god økonomi.
FRÅ RIDEVEG TIL KJERREVEG Frå år 1000 og framover var vegen ein forlenga arm av ”Hardingslepa” som kryssa Hardangervidda. Etter kvart som ferdsla auka på, betra standarden seg på den gamle “tjodvegen” (allmannaveg). På 1700-talet blei vegen rotelagt. Oppsitjarane fekk ansvar for brøyting og sumarvedlikehald.
På 1800-talet blei vegen gjort farbar for hest og kjerre. Han var offentleg veg fram til 1860-åra då ny veg blei bygd frå Flatdal gjennom Dyrlandsdalen.
BUSETNAD LANGS VEGEN Skarsvegen er rik på kulturminne. Langs og i nærleiken av vegen finn ein spor etter minst 25 buplassar. Dei fleste var små og karrige. Det er sett opp små infoskilt langs vegen. Mura steingjerde og rydningsrøysar, åkerreinar, gamle tufter og nokre gamle hus fortel om folk som levde her. Alle plassane og staulane langs vegen er skildra av Harald Aakre i boka ”Skarsvegen” (1991).
VERNEVERDIG KULTURMINNE Skarsvegen er svært godt bevart, og framstår i dag som representativ for ein køyreveg frå 1800-talet. Vegen har på grunn av sin autentisitet nasjonal verdi som teknisk kulturminne, og inngår derfor i “Vegval”, Statens vegvesens nasjonale verneplan for vegar – bruer og vegrelaterte kulturminne.
Infoskilting, merking og rydding blir utført i eit samarbeid mellom Åmotsdal sogelag, Seljord sogelag, Seljord kommune og Statens vegvesen.
I samband med markeringa av kulturminneåret 2009 vart det halde eit åpningsarrangement den 16.08.2009. Arrangementet var eit samarbeid mellom Åmotsdal Sogelag og Statens vegvesen. Les meir.
Kulturminner
Post 1: Ingersmoen
Ingersmoen er den fyrste husmannsplassen ein kjem til langs Skarsvegen. Her budde folk fram til om lag 1890.
Post 3: Hitås
Her er ikkje registrert folk i 1730, men det bur folk her frå slutten av 1700-talet. Buskap i 1875 var to kyr og fire sauer.
Post 4: Haugen (Hitås-Haugen)
Her budde det folk frå om lag 1815 til omlag 1875. Haugen hadde mindre åker land og oppdyrka mark enn mange av dei andre plassane langs Skarsvegen.
Post 5: Sud-Skaret
«LIDEN PLATZ». Seljordsoga fortel frå om lag 1650: «Lien med en liden pladz Schare der underliggende». Det er to plassar som heiter Skaret, truleg om lag like gamle.
Post 6: Nord-Skaret
På Nord-Skaret var det tidligare to buplassar. Buskap i 1875 var to kyr og ni sauer på den eine plassen og to kyr og fire sauer på den andre. På Nord-Skaret er det fine steinmurar stykkevis på båe sider av vegen.
Post 7: Bitustaul
Gamal plass under garden Heddejord. Talleiv Høljeson budde på Bitustaul i mange år til han døydde i 1815. Her er det både røysar og åkerreinar, så det har vore dyrka korn her.
Post 8: Knipa
Truleg rudd på midten av 1700-talet. Knipa ligg tett ved Skarsvegen, og her tek også vegen til Dyrlandsheii og Vetrhusgardane av nordover.
Post 9: Hogndalen
Frå Skarsvegen er det ein liten av stikkar bort til plassen Hogndalen. Plassen er rudd på midten av 1700-talet.
Post 10: Brothus
Brothus ligg om lag 100 m nord for Skarsvegen, litt ned for Hogndalen. Plassen er truleg rudd kring midten av 1700-talet.
Post 11: Kvistaul
Gamal gard frå 14-1500-talet. Garden var lenge dela i to, øvre og nedre Kvistaul. Det har heile tida vore eigen gard, ikkje husmannsplass.
Post 13: Markenstein
I øvre kant av Fossheimjordet ligg ein stor stein kalla Markenstein. Til denne er det knytt ei gamal segn:

