Kulturminneløypa sommaren 2009 - Hyllestad
Nyttig informasjon
På kvar stasjon har me ein eller fleire lokale kulturminnevertar. Dei vil gje ei orientering om historia knytta til plassen. Det vert høve til å kjøpe kaffi og noko lite å bite i. Elles er opplegget enkelt: Litt kulturhistorie, litt trim, og litt sosialt samvær.
Mange fine turstiar kan nyttast til og frå stasjonane. Ved avslutninga i Systaddalen 13. september vert det ei form for påskjønning til dei som kan dokumentere deltaking på flest aktivitetar eller arrangement.
Dei fleste arrangementa startar klokka 15.00 og varer kring 2 timar.
Kontaktpersonar for Kulturløypa 2009 i Hyllestad er:
Astrid Waage - 95758514
Håkon Haukøy - 41323975
Solfrid Andersen - 90051609
Første post
Oppstart vert i Kvernsteinsparken på Hyllestad sundag 24. mai klokka 15.00. Her vil ungdomsskuleelevar vere kulturminnevertar, og gjestane vil oppleve eit arrangement med aktivitetar slik Kvernsteinsparken vert presentert når grupper gjestar staden.
Vegen vidare
Så følgjer arrangementa på rekkje og rad. Sundag 7. juni er det utegudsteneste på Risneshaugane med kyrkjekaffi og samling ved minnesteinen etter "Havørn"-ulukka under Risnesnipa.
Laurdag 13. juni møtest me på kaien på Rysjedalsvika og får fortalt om namn og hendingar kring vågen og vika. Dagen etter går det tradisjonelle Lihestklyvet frå Lekva mot Gygrekjeften 711 meter o.h.
Tysdag 16. juni møtest me på Hyllestad skule til godprat om gårsdagens saker og ting. 21. juni ber det på gamal kyrkjeveg frå Skor mot Øn der det er gudsteneste i kapellet klokka 16.
Over land og sjø
I Skifjorden finst ein lang, flat stein dei kalla Brurabenkjen, og dit tek me turen sundag 28. juni. Turen vert spanande, for her er det truleg ikkje så altfor mange hyllestadingar og andre som har vore dei siste tiåra. Siste stopp før ein velfortent pause, vert i Porten sundag 5. juli. Dit kjem du deg med M/S "Atløy" som går frå Hyllestad klokka 11.45. Me vonar alle får ein storfin dag på Åfjorden denne sommarsundagen.
Kulturminner
Kvernsteinsparken på Hyllestad
I ei kulturminneløype i Hyllestad vil Kvernsteinsparken ha ein sentral posisjon, og i vår løype er dette ein sjølvsagd første post. Sundag 24. mai klokka 15 møtest me her der me får presentert aktivitetar som naturleg høver på ein slik stad.
Minnesteinen på Risneshaugane
16. juni 1936 rende ruteflyet "Havørn" rett i Lifjellet, og den første ulukka med tap av menneskeliv som ramma norsk sivil luftfart var ein realitet. 14. juni 2008 vart det avduka ein minnestein på Risneshaugane til "ære for dei omkomne og deltakarane i det vanskelege hjelpe- og identifiseringsarbeidet". Alle dei sju om bord, fire mannskap og tre passasjerar, omkom.
Namn og hendingar kring Rysjedalsvika
Kringom i grendene våre finst mange gode forteljarar. Det er spennande å høyre dei fortelje segn og soge frå fortida. Oftast er dette lite framfuse personar og ikkje så lette å få på gli, men som dei seier: Er du vaksen opp i ei tid med talgljos og parafinlampe, fekk du høye mykje interessant i kveldsstunda. På Rysjedalsvika skal vi denne laurdags ettermiddagen møte nokon som har mangt og mykje på hjartet.
Lifjellet og "Lihest-klyvet"
"Lihest-klyvet" er ein årviss turmarsj som endar opp på Gygrekjeften, 714 meter over havet. Her er storslått utsikt i alle leier, og på vegen opp går du forbi kulturminne som gamle stølar, krøterråser og stiar, merkesteinar og vardar. Fleire soger og segner er knytt til Lifjellet og stader der.
Gamalt og nytt
På Hyllestad skule vil ungdomsskuleelevar lage ei enkel utstilling av litt eldre saker og ting. Det skal ikkje så mykje til før praten vert livleg, - ein eldre modell av mobiltelefonen, gamle leikar av tre eller ein radio eller platespelar frå sekstitalet.
Gamal kyrkjeveg Skor - Øn
Tradisjonar lever eller vert tekne opp att. Dei siste åra har det vore ei årviss vandring på den gamle kyrkjevegen frå Solåsen til Øn kapell. Sjølvsagt er det mykje spennande å sjå langs ruta, til dømes hoggestader for kvernsteinar, kvernsteinsemne og store jettegryter. I godver er dette ein skikkeleg topp-tur utan dei store motebakkane. På vegen passerer me Torgeirsletta, ein populær trimtopp i Hyllestad.
Brurabenkjen
Lurer du på kvar Brurabenkjen ligg, er det berre å ta turen i Skifjorden sundag 28. juni. Parker bilen på Sellevoll og vert med på ein spennande fottur opp til Brurabenkjen.
Tur til Porten med M/S "Atløy"
Eit høgdepunkt i Kulturminneløypa vår og "siste post" før haustsesongen. "Atløy" går frå Hyllestad kai klokka 11.45, og kjem oppom Sørbøvåg og Eide. Meld deg på hos kontaktpersonane. Dette opplegget kostar, så me har sett billettpris til 200 kr. for vaksne og 100 kr for barn.

