Øydegardsanlegg Kjellingset - Flesje - Kalvestad
-
Øydegardsanlegg Kjellingset - Flesje - Kalvestad
- Kulturlandskapet Kjellingset-Flesje-Kalvestad vest forbi Langevåg er eit større kulturlandskap med mange fornminne. På den smale strandlina ligg mange hustufter og gravrøyser. Dei eldste tuftene er frå eldre jernalder (0 - 200 e. Kr.)
- 62.4387002224 6.15852355957
-
- Kulturhistorie
Kulturlandskapet vert holdt i hevd av villsau, såkalla utegangarar. Det er omlag 300 sau i området.
Du finn starten på løypa ved å køyre så langt du kjem ytst på Sula - til parkeringsplassen på Kjellingset/Æhammaren. Frå parkeringsplassen er kulturminna skilta utover.
Kulturminneløypa er eitt av turmåla i friluftstiltaket Sulaturen /Bedriftskonkurransen, og er godt merka. Dei første 1,5 km går på skogsveg før stigen går vidare ut i terrenget. Ein kan også følge stigen langs med sjøen i staden for å følge skogsvegen.
Kulturminner
Kjellingset
På Kjellingset har folk budd i meir enn tusen år - frå folkevandringstid til fram til rundt 1780.
Flesje II
Hustuft frå eldre jernalder, 0 - 400 e.Kr På terassen mellom Flesje og Kalvestad ligg ei tuft frå folkevandringstida. Her er også fleire gravrøyser.

