Søk etter løype:





 

Kulturminneløypa Fjell gard - Russarstegen - Fjell festning

Red Marker Kulturminneløypa Fjell gard - Russarstegen - Fjell festning
Kulturløypa startar ved Fjell kyrkje, går via Gjerdet kulturminnegard vidare opp fjellsida langs Russarstegen til Fjell festning. Løypa er godt tilrettelagd og går gjennom og via mange kulturminne i Fjell og endar opp i eit av regionen sine mest spennande kulturminne - Fjell festning.
60.3305592347 5.07594108582
  • Kulturhistorie
Kulturløypa startar ved Fjell kyrkje, går via Gjerdet kulturminnegard vidare opp fjellsida langs Russarstegen til Fjell festning. Løypa er godt tilrettelagd og går gjennom og via mange kulturminne i Fjell og endar opp i eit av regionen sine mest spennande kulturminne - Fjell festning.
Løypeinformasjon
Til fots
Hordaland

Fjell kyrkje ligg midt i bygda Fjell og er frå 1873 – 1874, men Fjell gard har etter alt å døma vore kyrkjestad gjennom 700 år.  Første gong Fjell kyrkje er nemnd er på 1300 talet. Diverre er det lite att av gjenstandar frå kyrkja som stod her, men i noverande kyrkje heng det eit alterskåp, truleg frå 1400-talet i tillegg til kopi av ein Olavsfigur. Originalen, ein eikefigur av Olav den Heilage, er hos Bergen Museum.

Frå Fjell kyrkje går ein ca 600 meter på veg til Gjerdet kulturminnegard. Strekninga på veg arbeider ein med å få lagt i terreng.

Gjerdet kulturminnegard er eit gardsbruk frå 1800 talet. Våningshuset og løa som står på garden i dag er frå 1914, men det har vore gardsbruk her lenge før det. Kartlegging og registrering er under arbeid.

Gjerdet kulturminnegard skal etterkvart framstå som eit ressurssenter for mat og handverkstradisjonar i området. Det skal lagast eit nytt kjøken til produksjon av lokale matrettar. Dei gamle stovene i huset skal innreiast med tidsriktig interiør til kafé og i kjellaren kan det bli plass til ein gardsbutikk.

Garden er under restaurering og skal eksteriørmessig setjast tilbake til sitt opphavlege utsjåande, men er i så bra stand at vi kan vil presentert dette kulturminnet på ulike måtar i Kulturminneåret.

Over garden og vidare opp fjellsida går det ein ferdselsveg som vart bygd av russiske krigsfangar under andre verdskrig. Denne løypestrekninga vert kalla Russarstegen. Russarane hadde sin tilhaldstad i ein fangeleir kalla Sjubotn sør for Gjerdet kulturminnegard. Arbeidsvegen deira gjekk kvar dag derifrå, via kulturminnegarden og opp Russarstegen.

Russarstegen går opp ei skogkledd fjellside, forholdsvis bratt, på sti med innlagde trappetrinn på dei brattaste partia. Ved sida av stien vart det i krigsåra bygd ei solid taubane til frakt av tyngre gods opp til festninga. Denne bana er vekke og eventuelle spor er grodd igjen, men den er godt dokumentert gjennom foto.

Russarstegen vil i vår kulturminneformidling symbolisere bindeleddet mellom historia til den sivile befolkninga ned på garden og det tyske forsvarsverket på oppe på Fjedlafjellet under okkupasjonsåra 1940 – 45.

Fjell festning: Den tyske okkupasjonsmakta tok til med bygging av festningsanlegget i 1942 med det som formål å sikre innseglinga til Bergen. På toppen av Fjedlafjellet tok etter kvart eit av dei største forsvarsverka i Nord-Europa form. Mellom anna vart det montert ei trippelkanon på den mest strategiske staden. Hovudarbeidskrafta var russiske krigsfangar.

Inne i anlegget var det mellom anna fleire kasernar med sengeplass til meir enn 400 mann – plasserte i hengekøyer med tre mann i høgda. I tillegg vart det laga til kjøken og sanitæranlegg.

Arbeidet på festninga haldt fram heilt til den tyske kapitulasjonen i 1945, men det låg føre planar om utbygging fram til 1956. I dag er det etablert eit museum på Fjell festning tilslutta Museum Vest og anlegget er freda som eit militært kulturminne. Frå sommaren 2008 har museet halde ope kvar laurdag og sundag i sommarsesongen og det har vore godt besøkt.

I tillegg til museumsdrifta er anlegget og områda rundt nytta til fleire aktivitetar. Det har mellom anna vore arrangert kunstutstillingar og konsertar. Glaspaviljongen er mykje brukt til møte og små samlingar.

I Kulturminneåret 2009 vert opningstidene på museet ytterlegare utvida i tillegg til at fleire av attraksjonane vert gjort tilgjengelege for publikum.

Heile området, frå nede i kulturlandskapet i Fjell-bygda, turen opp fjellsida og området oppe på fjellplatået er eit fantastisk heilårs kultur- og naturområde og skal nyttast aktivt i Kulturminneåret 2009.

Beskriving av sjølve løypa, strekninga Fjell gard - inngangsporten til Fjell festning:

Frå parkeringsplassen ved Fjell kyrkje har du i tillegg til kulturminneløypa utgangspunkt for å gå Nordsjøløypa etappe for etappe til du endar opp på Hellesøy lengst nord i Øygarden kommune. Nordsjøløypa har elles ei sidegrein som tek av frå Fjæreide og fram til Langøy kystkultursenter.

Kulturminneløypa strekkjer seg frå parkeringsplassen ved Fjell Kyrkje og fram til inngangsporten til Fjell festning. Fylg RV 555 om lag 800 meter i sørleg lei. Du kjem då fram til sideveg som tek inn til venstre og eit skilt der det står Nordsjøløypa. Vegen fører inn til Gjerdet kulturminnegard. Du ser no rett mot eit skilt merka Russarstegen. Framme ved skiltet, tek du til høgre og fylgjer gardsvegen i sørleg lei til du kjem fram til ein jordkjellar på venstre hand og ser mot nok eit skilt merka Russarstegen. Løypa er godt merka med blått då ho er ein del av Nordsjøløypa.

Du går no vidare på ein gamal traktorveg gjennom blandingsskog og forbi eit uthus på høgre hand til du kjem fram til ei open slette. Her er det plassert ein lavvo og laga ein rasteplass. Ein kryssar sletta, tek av til venstre og fylgjer ein traktorveg om lag 150 meter før ein tek av til høgre, går fyrst i sørleg lei, og i bratt terreng opp fjellsida.

Fyrste del går gjennom blandingsskog til du kjem fram til eit utsiktspunkt med benk. Deretter går du i grovvaksen granskog til du kjem fram til ein gjerdestige / kliv. Her kjem du ut i meir ope terreng og kan snart sjå skyttargravene frå andre verdskrig. Du er no komen opp på Fjedlafjellet og området for Fjell festning.

(Frå kulturturminneløypa kan du no ta til venstre og opp til paviljongen der det tidlegare stod plassert ein trippelkanon. RV 555 ved Gjerdet kulturminnegard ligg på 40 meter moh., paviljongen på 173 moh. Du har stige opp 133 meter over ein strekning på 600 meter. Frå paviljongen kan du elles fylgja Festningsløypa, 4 kilometer merka med raudt, fram til bilvegen i Bildedalen og attende til Fjell gard.)

Kulturminneløypa held fram over myr, lynghei og gjennom granskog til du kjem inn på ein grusveg. Vegen går gjennom lynghei, blandings- og grovvaksen granskog. Frå vegen har du god utsikt mot havet i vest og Sotras tak; Liatårnet og Høgafjellet mfl. i aust. Ein passerer og ein del krigsminnesmerke. Vegen vart frå fyrst av bygd for å frakta trippelkanonen fram til paviljongen, men er no tenkt i tillegg til idyllisk turveg, å verta tilpassa menneske med nedsett funksjonsevne som rullestolbrukarar og svaksynte.

Etter om lag ein kilometer på turvegen, er du framme ved festningsporten. Her har du fleire alternativ:

A)    Du kan fylgja festningsvegen vidare nedover. Etter om lag ein kilometer, tek vegen av til venstre inn i den vakre Bjørkedalen. Herifrå kan du fylgja Nordsjøløypa etappe for etappe til du endar opp i Tælavåg lengst sør i Sund kommune.

B)    Frå Bjørkedalen går ei turløype merka med raudt; Festningsløypa. Denne endar som før nemnd opp ved bilvegen i Bildedalen som og fører attende til Fjell gard. Denne løypa har elles ei sidegrein som tek av frå Vardefjellet og fram til Paviljongen på Fjell festning.

C)    I staden for å ta av til Bjørkedalen, kan du og fylgja festningsvegen fram til RV 555.

D)    Frå porten kan du fylgja festningsvegen langs dei vakre vatna; Gyravatnet og Buskvatnet  og med utsyn til ei rekkje krigsminnesmerke. Etter om lag ein kilometers gange, er du attende ved paviljongen der du fram på kanten av platået, kan sjå eit skilt merka Russarstegen, og kan om du vil, returnera til parkeringsplassen ved Fjell kyrkje.

Kulturminne: Fjell kyrkje, Gjerdet kulturminnegard (med våningshus, løe og jordkjellar), Russarstegen, Fjell festningsanlegg.

Samarbeidspartnarar:  Museum Vest, Stiftinga Fjell festning, arbeidsgruppa til Fjell-piloten (Perler i Nordsjøløypa), Fjell kommune, Fjell grendalag og bøndene på Fjell.

Merknad: Fjell har og fleire andre interessante løyper som det er planar om å utvikle innanfor Nordsjøløype-traséane.

Kulturminner

Gjerdet kulturminnegard

Gjerdet kulturminnegard

Gardsbruk frå 1800-talet

Les mer...

Den gamle taubana

Den gamle taubana

Biletet av den gamle taubana er teke av tyske fotografar, men arkiva er overteke av musea

Les mer...

Fjell festning

Fjell festning

Kuppelen (paviljongen) over kanonbrunnen ved Fjell festning

Les mer...

Side-alternativer